Kemer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kemer
Remove ads

Kemer er ein ferieby og eit distrikt i provinsen Antalya ved kysten av Middelhavet i Tyrkia, 40 km vest for byen Antalya langs Den tyrkiske rivieraen.

Kjappe fakta Land, Region ...

Kemer ligg ved Antalyabukta og har ei 53 km lang kystlinje med Taurusfjella bak. Kysten har eit typisk varmt, tørt middelhavsklima. Fram til tidleg i 1980-åra var området eit roleg, landleg distrikt, men i dag er Kemer og kystlandsbyane ein viktig del i turistindustrien i Tyrkia.

Kemer var kalla Eski Köy (Gammal landsby) fram til 1916 - 1917, då ein 23 km lang steinmur vart bygd for å veren byen frå flaum frå fjellelvane, som var eit stadig problem. Namnet Kemer syner til desse murane.

Fram til 1960-åra var det ikkje vegsamband til Kemer og distriktet var berre tilgjengeleg med båt. Utviklinga i området skaut først fart då vegen kom.

Remove ads

Klima

Kemer har eit varmt middelhavsklima med særs varme, lange og tørre somrar og kjølige, regnfulle vintrar. Midt på sommaren når temperaturen ofte 40 °C.

Meir informasjon Vêrdata for Kemer, Jan ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads