Dennis Vareide
norsk youtubar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dennis Mikal Stabell Vareide (fødd 25. april 1990) er ein norsk youtubar, realitydeltakar og programleiar.
Remove ads
Biografi
Saman med Preben Fjell stod han bak kanalen «PrebzOgDennis», ein YouTube-kanal med over 250 000 abonnentar og 209 millionar avspelingar per 1. mai 2020.[1]
Vareide gjekk film- og fotolinja ved Jeløy Folkehøyskole i 2010.[2]
Vareide vart kjend i 2010 då han lasta opp ein trailer for videospelet Minecraft som vart den offisielle traileren til spelet og har over 150 millionar avspelingar per 3. januar 2021,.[3] Vareide laga seinare ein ny trailer for spelet som overtok som den offisielle traileren i mange år.
August 2017 hadde filmen Prebz og Dennis: The Movie premiere. Filmen følgjer Prebz og Dennis gjennom diverse stunt og påfunn. 15. januar 2018 lanserte Vareide boka Kongen av Gutterommet saman med Webjørn S. Espeland.[4] I boka vart det klart at Vareide og dei andre bak kanalen «Prebz og Dennis» gjekk vidare til andre prosjekt, og at produksjon på kanalen ville bli lagd ned i mars 2018.[5] Han lastar framleis opp videoar til sin eigen kanal «Dennis Vareide» i tillegg til gamingkanalen «Mikal», som per 25. desember 2020 hadde 107 000 abonnentar og 17 700 600 visingar. Han jobba tidlegare som vaktsjef i NRK og teknologireporter i TV 2.[6]
Remove ads
Media
Vareide var deltakar i 2. sesong av reality-programmet Farmen kjendis, som gjekk på TV 2, og vart vald som førstekjempe fjerde veke, men tapte mot Stian Thorbjørnsen i øksekast.[7]
I oktober 2017 gjekk Dennis Vareide til sivilt søksmål for ærekrenking mot Benjamin Foss, kjend som Tappelino.[8] Saka gjekk i Oslo tingrett i januar 2018 og måtte haldast i sal 250 på grunn av mange frammøtte tilskodarar.[9] Foss prosederte sjølv og meinte det var fordi han ikkje har råd til forsvarar. Advokat for Vareide var Jon Wessel-Aas.[10] Dommar var Kim Heger.[9] Oslo tingrett dømde saksøkte for ærekrenkingar og til å betala oppreisning på 50 000 kroner i tillegg til saksomkostingar på 90 000 kroner. Retten la vekt på at det på ingen måte gjaldt andre juridiske reglar for den typen videoar eller for YouTube eller andre sosiale medium generelt og at ein ikkje kunne komma unna å urettmessig skulda nokon for straffbare forhold under dekke av at det var satire.[11]
Vareide deltok våren 2019 i TV 2-programmet Kjendis søker kjæreste. I 2021 deltok han i sesong 17 av Skal vi danse på same kanal.[12]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads