Harstad kommune

kommune i Troms fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia

Harstad kommune
Remove ads

Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

Thumb
Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.

Remove ads

Forsvaret

Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:

  • Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
  • Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
  • Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
  • Forsvarets Lønnsadministrasjon
  • Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Remove ads

Bygder

Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.

(For bydelar, sjå Harstad.)

Folketalsutvikling

Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:

Meir informasjon 1.12.1930, 3.12.1946 ...
a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.

Kjende harstadværingar

Thumb
Kine Hellebust, songar og skodespelar
  • Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
  • Leif Bothner (1905–1986), Milorg-leiar
  • Ørnulv Vorren (1916–2007), etnograf
  • Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
  • Knut Andersen (f. 1931), filmregissør
  • Leif Arne Heløe (f. 1932), politikar, sosialminister
  • Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre», 1939–1923), popsongar
  • Reidar Thomassen («Richard Macker», f. 1939), forfattar
  • Tove Veierød (f. 1940), politikar, sosialminister
  • Karl Erik Harr (f. 1940), biletkunstnar
  • Unni Wikan (f. 1944), professor i sosialantropologi
  • Unni Anisdahl (f. 1947), sportsreporter i NRK (radio)
  • K.M. Myrland (f. 1948), visesongar
  • Kine Hellebust (f. 1954), songar, skodespelar
  • Kristin Clemet (f. 1957), politikar
  • Randi Hansen (f. 1958), popsongar
  • Kjetil Rolness (f. 1961), artist og forfattar, kjend som «Jens Pikenes»
  • Elisabeth Aspaker (f. 1962), politikar, EØS- og EU-ministar, fiskeriminister
  • Iren Reppen (f. 1965), artist, forfattar
  • Lars A. Sandness (f. 1973), hip-hop-artist i Tungtvann, kjend som «Poppa-Lars»
  • Runar Normann (f. 1978), fotballspelar
  • Jon Lech Johansen (f. 1983), kjend som «DVD-Jon»
  • Sophie Elise (f. 1994), skribent og bloggar
Remove ads

Verdt å sjå

Thumb
Trondenes kyrkje
  • Trondenes kyrkje frå ca. 1250
  • Harstad kyrkje frå 1958
  • Harstad kulturhus
  • Trondarnes Distriktsmuseum
  • Trondenes Historiske Senter
  • Altevågen
  • Røkenes Gård
  • Sandtorgholmen
  • Adolfkanonen

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads