Denny Dias

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dennis Dias (fødd 12. desember 1946) er ein amerikansk gitarist, mest kjend som tidlegare medlem av Steely Dan.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Dias arbeidde med sitt eige band i kjellaren sin i Hicksville i New York, då han sette inn ei annonse i The Village Voice[1] sommaren 1970 etter ein klaverspelar og bassist.[2] Donald Fagen og Walter Becker svarte på annonsen. Dei vart med i bandet hans og byrja raskt å spele eigne songar. Dias sparka resten av bandet og dei tre flytta til California, og fekk inn trommeslagaren Jim Hodder, gitaristen Jeff «Skunk» Baxter og songaren David Palmer før dei gjekk i studio for ABC/Dunhill Records som Steely Dan. Dias var fast medlem av bandet på Can't Buy a Thrill frå 1972 (med ein elektrisk sitarsolo på songen «Do It Again»), Countdown to Ecstasy frå 1973 og Pretzel Logic frå 1974. Etter turneen for Pretzel Logic, valde Becker og Fagen å løyse bandet opp og bruke studiomusikarar på framtidige album. Sjølv om Dias ikkje lenger var medlem av bandet, fortsette han å arbeide med dei som studiogitarist og var med på Katy Lied i 1975, The Royal Scam i 1976 og Aja i 1977. I 1991 vart han medlem av Toto for sommarturneen deira. Han har òg arbeidd med Wayne Shorter, Wilfrido Vargas og Pete Christlieb. Somme av dei originale songane til Dis vart spelt inn i 1999 for albumet Matter of Time, med Lisa Jason (vokal) og Andy Bergsten (bass) i kjernen av bandet.

I 2012 spelte Dias med Spanky and Our Gang.[3] I 2014 spelte han med Denny Dias and Friends.

Remove ads

Diskografi

Med Steely Dan

Med andre

  • Filmmusikken til You've Got to Walk It Like You Talk It or You'll Lose That Beat (1971) med Walter Becker og Donald Fagen, oppført som Denny Diaz
  • David Garfield and Friends, Tribute to Jeff (Intercord, 1997)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads