Do It Again av Steely Dan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Do It Again» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen, og først framført av den amerikanske rockegruppa Steely Dan, som gav han ut som singel frå debutalbumet deira Can't Buy a Thrill i 1972. Singelversjonen er ein forkorta versjon av albumversjonen, der introen og avslutninga er korta ned og orgelsoloen er fjerna.
Songen gjekk inn på Billboard Hot 100 den 18. november 1972, og nådde sjetteplasen i 1973, som vart den nest høgaste plasseringa Steely Dan klarte med ein singel.[3]
Remove ads
Struktur
«Do It Again» har ein elektrisk sitarsolo av Denny Dias. Soloen på «plastikkorgel» av Donald Fagen vart framført på ein Yamaha YC-30 med ein glidande tonekontroll.[4]
Medverkande
- Donald Fagen – Wurlitzer elektrisk piano, plastikkorgel (YC-30) og vokal
- Denny Dias – elektrisk sitar
- Jeff Baxter – gitar
- Walter Becker – bass
- Jim Hodder – trommer
- Victor Feldman – perkusjon
David Palmer fronta bandet på konsertane deira og song «Do It Again» då gruppa spelte på The Midnight Special i januar 1973. Donald Fagen song vokal på albumversjonen.[5]
Andre versjonar
- I 1980 gav Waylon Jennings ut ein versjon av songen på albumet sitt Music Man.[6]
- I 1983 gav den italienske gruppa Club House ut «Do It Again Medley with Billie Jean,» ei blanding/medley med Michael Jackson-songen «Billie Jean».[7] Songen nådde 79. plassen i Australia.[8] Han vart seinare framført av den amerikanske studiogruppa Slingshot.[7]
- Den austerrikske songaren Falco spelte inn songen i 1988 på albumet hans Wiener Blut.[9] His version was also released as a single.[10]
- I 1997 gav Paul Hardcastle ut ein versjon på albumet Cover to Cover.[11]
- I 2017 gav Lydia Lunch og Cypress Grove ut songen på albumet deira Under the Covers.[12]
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads