Diderich Hegermann
offiser, medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll og statsråd From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Diderich Hegermann (6. desember 1763–7. februar 1835) var ein norsk offiser, eidsvollsmann og statsråd.
Hegermann var fødd i Altona i Schleswig-Holstein. Foreldra hans flytta til Fredrikshald i 1765, der faren hans var krigskommissær. I 1775 reiste han til København, og året etter vart han kadett ved kadettkorpset. Han vart korporal i korpset i 1782, og sekondløytnant i 1786. Deretter vart han kompanisjef i 2. akershusiske infanteriregiment, samstundes som han underviste ved den matematiske skulen (krigsskulen). I 1796 skreiv han 'krigsskulens' historie. Seinare reorganiserte han denne undervisningsinstitusjonen som han og var kommandør av. Frå 1805 var han med i ein kommisjon som reformerte dei militære institutta i Danmark og Noreg. I mars 1814 vart han leiar av den norske avdelinga, som fekk namnet Det kongelige norske Landkadetkorps.
I 1808 vart Hegermann oberstløytnant i armeen, oberst i 1811. I januar 1814 fekk han kommandoen over oplandske infanteriregiment.
Hegermann representerte nettopp oplandske infanteriregiment under riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. 18.-25. april var han stortingspresident. Han var medlem av reglementskomitéen, og av vernepliktslovkomiteen. Grunnsetninga om alminneleg verneplikt skal ha vorten innført etter initiativ frå Hegermann.
Hegermann deltok i krigen under den svensk-norske krigen i 1814. Han leia forsvaret ved Langnes skanse, ein av dei få vellukka norske militære operasjonane under felttoget, og sikra dermed at den norske hæren kunne ta seg relativt intakt over Glomma. Hegermann hadde difor ein god del av æra for at kong Kristian Fredrik slapp vilkårslaus kapitulasjon ved Mossekonvensjonen.
17. november 1814 vart han utnemnd til generalmajor i infanteriet, dagen etter vart han statsråd og sjef for armedepartementet. Hegermann vart statsråd mot eige ynskje og fekk fritak frå statsrådet i mai 1816, etter fleire søknader om å få gå av. Året etter fekk han avskjed frå alle embeta han hadde. Sidan var han brukseigar og forretningsmann i Kristiansand.
Han døydde i Kristiansand i 1835.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads