Dimitri Bascou

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dimitri Bascou
Remove ads

Dimitri Bascou (fødd 20. juli 1987) er ein fransk friidrettsutøvar frå Schœlcher på Martinique, som har delteke internasjonalt for Frankrike i 110 meter hekk sidan 2006. Han vart europameister i øvinga under EM i friidrett 2016.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Bascou vart nummer to på korthekken under Mellomhavsleikane 2009, og fjerdemann i øvinga under friidretts-EM 2010 i Barcelona med ny personleg rekord; 13,41 sekundar. Han forbetra denne til 13,37 i 2011, men sleit med å forbetre seg dei neste sesongane.

Under europameisterskapen 2014 i Zürich kvalifiserte Bascou seg til finalen med sterke 13,33 sekundar i semifinalen, men vart diska i finalen. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 13,16 sekundar då han vann den eine av dei tre semifinalane i friidretts-VM i Beijing. I finalen sprang han eitt hundredels saktare, noko som gav han ein femteplass. Bascou viste sterk form også under friidretts-EM 2016, fyrst vann han ein semifinale på tida 13,20, før han sikra seg gullet etter 13,25 sekundars finaleløp.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads