Dion Cooper
nederlandsk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dion Cuiper (fødd 29. november 1993 i Wassenaar), kjend under artistnamnet Dion Cooper, er ein nederlandsk songar og låtskrivar.[1] Han deltok i den sjette sesongen av talentprogrammet The Voice of Holland i 2015, og han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Mia Nicolai og låten «Burning Daylight».
Remove ads
Bakgrunn
Cuiper blei fødd i 1993 og vaks opp i kystbyen Wassenaar, like nord for Haag. Faren var trommeslagar i eit funkband og introduserte sonen tidleg for ulike musikksjangrar og artistar som Toto, The Police, The Beatles og Jimi Hendrix.[2][3] Gjennom faren utvikla Cuiper ein stor interesse for musikk, og han byrja å spele gitar som femtenåring.[3] Dei påfølgjande åra byrja Cuiper å skrive eigen musikk, og han starta som 18-åring å synge sjølv.[3][4]
I 2015 stilte Cuiper til prøvesynging i den sjette sesongen av talentshowet The Voice of Holland på tv-kanalen RTL 4. Han gjekk vidare til hovudrunden med den nederlandsk-marokkanske rapparen Ali B som mentor, men blei slegen ut i utslagsrundane før liveshow-sendingane.[5]
Cuiper debuterte musikalsk med EP-en Too Young too Dumb i 2021, etterfølgd av singelen «Fire» som han framførte saman med artisten Maxine. Hausten 2022 slapp han singelen «Blue Jeans», som han skreiv saman med samarbeidspartnaren og Eurovision-vinnaren Duncan Laurence. Året før hadde Cuiper vore støttemusikar då Laurence turnerte rundt i Nederland.
I november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Cooper skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Mia Nicolai.[6] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[7]
Cuiper skildrar musikkstilen sin som «klassisk rock møter songar-låtskrivar, eller Bryan Adams møter Harry Styles».
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads