Mia Nicolai
nederlandsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michaja Nicolaï (fødd 7. mars 1996 i Amsterdam i Nederland), kjend under artistnamnet Mia Nicolai, er ein nederlandsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med artisten Dion Cooper og låten «Burning Daylight».[1]
Remove ads
Bakgrunn
Nicolaï blei fødd i Amsterdam 7. mars 1996, som andre dotter av juristen og Partij voor de Dieren-politikar Peter Nicolaï, og den russisk-fødde musikaren og komponisten Marynka Nicolaï-Krylova.[2][3] Ho tok drama- og ballettimar frå ho var tre år. Dette fekk ho interessert i musikk, og ho lærte seinare å spele piano og fiolin.[3][4]
I 2018 gav Nicolaï ut sin fyrste singel, ein coverversjon av «At Last» av amerikanske Glenn Miller.[5] I 2020 følgde ho opp med singlane «Set Me Free» og «Mutual Needs».[6][7] I april 2021 slapp ho låten «People Pleaser». I eit intervju med det amerikanske motemagasinet Flaunt fortalde ho at songen handla om å vere tru mot seg sjølv.[8] Seinare same år gav ho ut låten «Dream Go».[9]
2023: Eurovision Song Contest
Den 1. november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Nicolaï skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Dion Cooper.[10] Nicolaï og Cooper blei etablert som duo i 2020, gjennom 2019-vinnaren Duncan Laurence og partnaren hans Jordan Garfield.[11] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[12]
Remove ads
Privatliv
Nicolaï har budd i London, Melbourne og New York, før ho slo seg ned i Los Angeles i 2022.[6][13] Ho har David Bowie som eit av sine største musikalske førebilete.[11]
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads