Discoteque
song frå 2021 med The Roop From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Discoteque» ('diskotek') er ein popsong som vert framført av det litauiske bandet The Roop.[1] Songen vann den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! i februar 2021, og representerte Litauen i Eurovision Song Contest same år i Rotterdam i Nederland.[2] Der enda songen på åttandeplass.
Remove ads
Bakgrunn
The Roop vann den litauiske finalen Pabandom iš naujo! 2020 med låten «On Fire». Låten gjekk til topps på den litauiske singellista etter den nasjonale finalen, og skulle ha representert Litauen i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Som plaster på såret tilbaud den litauiske kringskastaren LRT The Roop ein plass i finalen av Pabandom iš naujo! 2021.
The Roop vann både telefon- og juryavrøystinga i den litauiske finalen laurdag 6. februar 2021. Songen fekk 74 512 telefonrøyster – langt framfor andreplassen, som berre fekk 6 413 røyster.[3]
«Discoteque» vart svært populær etter utgjevinga, og berre dagar etter hadde låten hatt over 1 million visingar på YouTube.[4] «Discoteque» gjekk òg til topps på den litauiske Spotify-lista og singellista AGATA.[4][5] Etter den litauiske finalen var «Discoteque» favoritt til å vinne Eurovision Song Contest 2021, ifølgje spelselskapa.[6] Sidan fall songen noko nedover på veddemålslistene og låg rundt tiandeplass før finalen.[7]
Tekst
Ifølgje The Roop handlar «Discoteque» om ei «personleg indre frigjering» og det å sleppa seg sjølv fri. «Vi lever i ei fri verd, men ofte er det eins eige indre som avgrensar oss», sa frontfiguren Vaidotas Valiukevičius i ei pressemelding.[8] Bandet avsløra òg at dei hadde feilstava discotheque med vilje, altså utan H-en. «Dette er fordi dette er eit dansegolv heilt for seg sjølv», kommenterte bandet.[8]
Eurovision Song Contest
«Discoteque» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 18. mai. Der enda låten på fjerdeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen mottok songen til saman 220 poeng og enda på ein åttandeplass. Dette var den nest beste plasseringa til Litauen sidan debuten i 1994; den beste plasseringa til Litauen er ein sjetteplass frå 2006.[9]
Listeplasseringar
Utgjevingshistorikk
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads