Dolgansk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dolgansk er eit språk i den nordtyrkiske gruppa av dei tyrkiske språka, og det næraste slektspråket er sakha. Det har rundt 1 000 talarar på Tajmyrhalvøya i Russland.[2]
Dolganarane skil seg frå sakhafolk ved at dei driv med reindrift, og i alle fall før Oktoberrevolusjonen var dei nomadiske. Språkleg er skilnaden gruppene i mellom så liten at ein viktig grunn til at dei blir rekna som to språk den etnografiske skilnaden dei i mellom.
På same måte som finsk, ungarsk og tyrkisk har dolgansk vokalharmoni, det er agglutinerande, og har ikkje kjønn. Ordstillinga er som regel subjekt–objekt–verb.
Remove ads
Skriftsystem
Dolgansk fekk skriftspråk rundt 1920, basert på det latinske alfabetet. Etter omlegginga til kyrillisk i 1937 fekk dolgansk eit nytt alfabet, med desse tilleggsbokstavane og digrafane, Дь дь, Һ һ, Ҥ ҥ, Нь нь, Ө ө, Ү ү, i tillegg til det vanlege kyrilliske а-я.
Publikasjonar
I Dudinka kjem det ut ei avis, Tajmyr, som regelmessig publiserer på dolgansk.
Kjelder
Bibliografi
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads