Don't Lose My Number

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't Lose My Number» er ein song av Phil Collins frå det tredje soloalbumet hans No Jacket Required frå 1985. Songen vart ikkje gjeve ut som singel i Storbritannia, men nådde fjerdeplassen på singellista i USA i september 1985. B-sida, «We Said Hello Goodbye», vart gjeven ut som bonusspor på CD-versjonen av No Jacket Required.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Songen er retta mot nokon kalla «Billy» som songaren håpar å finne (og håpar at Billy framleis har nummeret hans). Collins har sagt at han skreiv det meste av songen under innspelinga av det første albumet hans, Face Value. Collins har òg sat at teksten i stor grad var improvisert, og at han sjølv ikkje heilt veit kva songen handlar om. Stephen Holden i New York Times skreiv om teksten at han var særs «vag, og skisserer eit melodrama utan å syne den heile historia».[1]

Remove ads

Musikkvideo

Collins visste ikke kva videoen skulle handle om, så han valgte å lage ein video der han prøver å finne ut kva tema videoen skulle ha.[2] I den faktiske videoen så snakkar Collins med forskjellige «regissørar», som alle gjev han dårlege idear for videoen. I forslaga deira parodierer Collins fleire musikkvideoar frå denne tida, som videoar av Michael Jackson, David Lee RothCalifornia Girls»), Elton John, The PoliceEvery Breath You Take») og The CarsYou Might Think»), i tillegg til filmar som Mad Max 2 og forskjellige samurai- og westernfilmar.[2]

Remove ads

Innhald

7": Atlantic / 7-89536 (US)

  1. "Don't Lose My Number"
  2. "We Said Hello Goodbye"

12": Atlantic / 0-86863 (US)

  1. "Don't Lose My Number» (Extended Mix)
  2. "Don't Lose My Number"
  3. "We Said Hello Goodbye"

CD: WEA International / WPCR 2063 (Japan)

  1. "Don't Lose My Number"
  2. "We Said Hello Goodbye"

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads