Sussudio

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sussudio» er ein song av Phil Collins, gjeve ut som singel i februar 1985. Songen var òg opningssongen på det tredje albumet hans, No Jacket Required, det kom ut i januar same året. Songen vart mykje spelt på MTV i mai og 6. juli nådde både singelen og albumet toppen av salslistene i USA,[3] Musikkvideoen vart filma i ein pub eigd av Richard Branson der Collins spelar songen til ein gjeng som først keiar seg, men så etter kvart byrja å danse.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Soge

Det meste av teksten vart improvisert fram av Collins til rytmen av ein trommemaskin han hadde programmert. «Suss-sussudio» var ord som høvde bra med rytmen. Etter å ha prøvd å finne alternative ord som passa med rytmen, valde Collins å halde på «Sussudio» som òg vart namnet på songen.[4]

Programmeringa av synthesizeren, rytmen og synthbassen vart gjort av David Frank frå The System og blåsearrangementet vart seinare basert på basslinja.

Songen vart kraftig kritisert for at han høyrdest for mykje ut som Prince-songen «1999», noko Collins nekta for.[5]

«Sussudio» var den første singelen frå albumet som vart gjeve ut i Storbritannia, og den andre som vart gjeve ut i USA. I Storbritannia nådde songen 12. plass, medan han i USA gjekk heilt til topps på salslista.[3][6] Ein remix av songen finst på 12"ers.

Remove ads

Innhald

7": Virgin / VS736 (UK)

  1. "Sussudio"
  2. "The Man with the Horn"

7": Atlantic / 7-89560 (US)

  1. "Sussudio"
  2. "I Like the Way"

12": Virgin / VS736-12 (UK)

  1. "Sussudio» (Extended Remix)
  2. "Sussudio"
  3. "The Man with the Horn"

CD: WEA International / WPCR 2065 (Japan)

  1. "Sussudio"
  2. "Sussudio» (Extended Mix)

Salslister

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads