California Girls
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«California Girls» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love og spelt inn av The Beach Boys i 1965. Songen vart gjeven ut som singel og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Songen vart òg gjeven ut på albumet Summer Days (And Summer Nights!!).
Songen er ein av dei 500 songane som Rock and Roll Hall of Fame meiner var med på å forme rock and roll. Songen vart òg rangert på 72. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]
Remove ads
Innspeling
Musikken til songen skal ha kome frå den første opplevinga Brian Wilson hadde med LSD.[2] I følgje Brian Wilson sjølv i dokumentaren Beautiful Dreamer, skal han kort tid etter å ha tatt LSD sprunge opp på rommet sitt, gøymd seg under puta og ropt «Eg er redd for mor mi, eg er redd for far min». Ei stund seinare forlet han rommet og til eit piano. Han starta å spele på basstonane H-F#-G#-mønsteret om att og om att, og la etter kvart på akkordane H og A. Innan ein halvtime hadde han laga «well east-coast girls are hip, I really dig the styles they wear»-delen av songen. Dagen etter skreiv han og Mike Love ferdig resten av songen.
«California Girls» var den første av innspelingane til Beach Boys med vokal frå Bruce Johnston, som hadde kome inn i gruppa då Brian Wilson ikkje lenger ville delta på konsertane deira.
The Beatles refererte til songen i «Back in the U.S.S.R.», som vert rekna som ei hyllest til songen.
Remove ads
Musikarar
- Hal Blaine - trommer
- Frank Capp - vibrafon
- Roy Caton - trompet
- Jerry Cole - 12-strengsgitar
- Al de Lory - orgel
- Steve Douglas - tenorsaksofon
- Al Jardine - vokal
- Bruce Johnston - vokal
- Carol Kaye - bassgitar
- Mike Love - solovokal
- Jay Migliori - barytonsaksofon
- Jack Nimitz - bass-saksofon
- Lyle Ritz - kontrabass
- Howard Roberts - gitar
- Leon Russell - piano
- Billy Strange - tamburin
- Brian Wilson - vokal
- Carl Wilson - 12-strengsgitar, vokal
- Dennis Wilson - vokal
Remove ads
David Lee Roth-utgåve
«California Girls» vart spelt inn av vokalisten i Van Halen, David Lee Roth på EPen hans frå 1985, Crazy from the Heat (med korvokal frå Carl Wilson og Christopher Cross). Denne utgåva nådde som originale tredjeplassen i USA.
David Lee Roth fekk lagd ein musikkvideo for utgåva si, regissert av Pete Angelus og David Lee Roth. Roth spelar ein turistguide som syner turistar stranda og dei obligatoriske badedraktmodellane. Ein av desse turistane er Jane Leeves som seinare spelte Daphne Moon i komiserien Frasier. Videoen vart nominert til fleire prisar på MTV.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads