Don't Stop av Fleetwood Mac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't Stop» er ein song av rockegruppa Fleetwood Mac, skriven av vokalist og klaverspelar Christine McVie. Songen er sungen av Christine McVie og gitaristen Lindsey Buckingham og gjeven ut på albumet Rumours i 1977. Songen vart òg gjeven ut på singel og er ein av dei mest kjende songane til bandet. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA. I Storbritannia følgde «Don't Stop» etter «Go Your Own Way» som den andre singelen frå Rumours og nådde 32. plassen der. I USA vart han gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og nådde tredjeplassen i oktober 1977.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

«Don't Stop» reflekterer kjenslene til Christine McVie etter ho vart separert frå bassgitaristen i Fleetwood Mac, John McVie, etter åtte år i ekteskap. «'Don't Stop' var berre ei kjensle. Det berre verka å vere ein behageleg openberring om at 'gårsdagen er over'» sa ho i The Fleetwood Mac Story: Rumours and Lies, «Det kan kanskje ha vore retta mot John, men eg er berre rett og slett ikkje pessimistisk.»[1]

Remove ads

Politikk

Songen vart nytta som kjenningsmelodi for den første presidentvalkampen til den amerikanske presidenten Bill Clinton,

Songen vart òg spelt då Clinton dukka opp på landsmøta til Demokratane i seinare år.

Musikkvideo

Eit konsertopptak av songen vart nytta som musikkvideo.

Medverkande

Lister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1977), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1977), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Ein versjon av Elton John vart spelt inn for samleplata Legacy: A Tribute to Fleetwood Mac's Rumours i 1998.

Status Quo spelte inn songen i 1996 for coveralbumet deira Don't Stop.

Den skotske visesongaren og gitaristen Nina Nesbitt gav ut ein versjon av «Don't Stop» den 23. august 2013.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads