Witchy Woman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Witchy Woman» er ein song skriven av Don Henley og Bernie Leadon, og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå debutalbumet deira, Eagles, og nådde niandeplassen på Billboard Pop Singles-lista[1] og er den eianste singelen frå albumet med Henley på solovokal.
Remove ads
Bakgrunn og skriving
«Witchy Woman» vart starta av gitaristen Bernie Leadon som skreiv songen medan han var medlem i the Flying Burrito Brothers. Då han kom med i Eagles, gjorde Leadon og Don Henley songen ferdig og var ein av dei første songane Henley skreiv for Eagles. Inspirasjonen for tittelen og teksten var basert på forskjellige kvinner dei hadde møtt og hugsa som forføreriske trollkvinner. Henley hadde særleg Zelda Fitzgerald i tankane etter å ha lese biografien hennar.[2]
Remove ads
Medverkande
- Don Henley: solovokal, trommer
- Glenn Frey: korvokal, sologitar
- Bernie Leadon: korvokal, rytmegitar
- Randy Meisner: bassgitar, korvokal
Populærkultur
Denne songen, i lag med «Desperado», vart både nytta og referert til i ein episode av situasjonskommedien Seinfeld og serien Dharma and Greg. Songen vart òg nytta i ein episode av serien Cold Case kalla «In the Woods». Songen vert òg nytta i filmen America's Sweethearts i ein scene der Catherine Zeta-Jones går ut av ein limousin.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads