Dongeribukse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dongeribukse
Remove ads

Ei dongeribukse, òg kalla olabukse, denimbukse, jeans, er ei bukse laga av dongeri – eit grovt bomullsstoff. Dongeribukser vert produsert i ymse leter, men blått, og dernest svart, er dei mest vanlege letene. Buksene har ofte koparnaglar for å forsterka lommene og synlege saumar i avstikkande fargar. Ettersom dongeri høvesvis er eit slitesterkt og tykt stoff, vart dongeribukser opphavleg brukt som arbeidsklede, mellom anna ved gullrushet i USA på 1800-talet. Dongeribuksa har sidan vorte eit særs utbreidd arbeids- og fritidsplagg for begge kjønn.

Thumb
Ei blå dongeribukse.
Thumb
Eit viktig kjenneteikn ved dongeribukser er naglar av kopar for å styrka lommer og saumar.
Thumb
Jeans for kvinner. Bukser kjem i ymse snitt og tal saumar, sleng, tronge og rette buksebein.
Thumb
Utstillingsdokker kledd i olabukser for kvinner.
Remove ads

Etymologi

Dongeri

Dei tidlegast kjende forlauparane til dongeribukser kjem frå den indiske eksporten av tjukke bomullsstoff på 1600-talet. Nokre av desse vart léta i indigo og selt ved Dongri Fort (Dongarii) nær Mumbai. Sjømennene kalla dette stoffet dungaree.[1] Dette har sidan gjeve opphav til omgrepet dongeri på norsk.[2]

Olabukse

Det særnorske omgrepet olabukse var opphavleg eit varemerke. Opphavsmannen var Tor Wessel Kildal i firmaet Adelsten Kjølner AS. Det stammar truleg frå nemninga olasoldatar, som var eit populært kallenamn brukt om dei norske soldatane i Tysklandsbrigaden like etter den andre verdskrigen.[3][4] Buksene vart fyrst laga for gutar i 10–12-årsalderen, med håpet om å gjera buksene til ein suksess ved å knyta det opp mot den positive ola-termen.

Jeans

Ordet jeans heng saman med namnet på den italienske hamnebyen Genova, der sjømennene gjekk kledd i tøy av dongeri.[5] Den franske nemninga for det grovvevde lerretstoffet dedan var bleu de Gênes, eit uttrykk lånt frå det italienske blu di Genova, som bokstavleg tyder «blå frå Genova». Den franske nemninga vart i engelsk tale og skrift til jeans.[6]

Remove ads

Soge

Thumb
Dongeribukse framstilt som arbeidsbukse i ein amerikansk patentsøknad frå 1872.

Dongeribukser vart skapa for fyrste gong i Genova i Italia medan byen var uavhengig republikk og ei viktig sjømakt. Dei fyrste vart laga til den genovesiske marinen då det vart stilt krav til at klede kunne brukast til alle typar føremål. Dei kunne berast tørre, våte, oppbretta og ikkje minst verta vaska i store nett bak skipa medan dei sigla.[treng kjelde]

Produsering av dongeri i Europa fann òg stad i Nîmes i Frankrike, kjent under namnet de Nîmes. Som sidan har gjeve namnet til omgrepet denim.[7]

På 1850-talet byrja Levi Strauss å selja dongeribukser under namnet «Levi's» til gruvearbeidarar i California i USA. Ein av kundane til Levi's var Jacob Davis, ein skreddar som ofte handla store mengder klede frå Levi Strauss & Co's grossistlager. Etter at ein av kundane til Jacob Davis stadig kjøpte nytt tøy for å reparera sine øydelagte klede, fekk han eit hugskot om å nytta koparnaglar for å styrkja punkta som vart utsette for slitasje på buksene, som lommehyrna og beltehemper. Jacob Davis hadde ikkje nok pengar til å kjøpa eit patent åleine, så han skreiv til Levi Strauss og føreslo at dei gjorde forretningar saman.

Etter at Strauss godtok tilbodet, fekk dei to mennene patent #139,121 den 20. mai 1873 for «Improvement in Fastening Pocket-Openings» frå United States Patent and Trademark Office, dimed vart dei blå dongeribuksene til slik vi kjenner dei i dag.[8][9][10]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads