Donovan in Concert

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Donovan in Concert er det sjette albumet til den skotske visesongaren Donovan, og det første konsertalbumet hans. Det vart spelt inn i Anaheim Convention Center i Anaheim i California den 23. september 1967. Det vart gjeve ut i USA i august 1968 (Epic Records BN 26386 (stereo)) og i Storbritannia i september 1968 (Pye Records NPL 18237 (monaural) / NSPL 18237 (stereo)). Albumet nådde 18. plass i USA.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Denne konserten vart spelt inn i september 1967, fleire månader før Dononvan gav ut A Gift from a Flower to a Garden, og konserten inneheld fleire songar frå dette albumet som ikkje enno var kjend for det amerikanske publikummet, inkludert somme som var britiske B-sider. «Poor Cow» vart introdusert av Donovan som «Poor Love», den originale tittelen, som vart endra då songen vart med i filmen Poor Cow. Han hadde denne tittelen då han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Jennifer Juniper» i februar 1968.

Musikken var mykje meir avdempa enn singlane til Donovan på denne tida, og Donovan vart akkompagnert av ei gruppe musikarar som hadde spelt inn dei førre albuma i lag med han, mellom anna fløytespelaren Harold McNair og perkusjonisten Tony Carr. Dei spelte mange musikksjangrar, frå folk til jazz. Konserten vart introdusert av ein ukjend mann, som så overlet introduksjonen til faren til Donovan, Donald Leitch.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Donovan Leitch

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Donovan – gitar, munnspel, vokal
  • Tony Carr – perkusjon
  • Harold McNair – fløyte og saksofon
  • David Troncoso - bass
  • Lorin Newkirk - piano
  • 'Candy' John Carr - bongotrommer og fingercymbal
  • og The Flower Quartet

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads