Doom and Gloom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Doom and Gloom» er den første singelen frå GRRR!, eit samlealbum i høve 50-årsjubileet til The Rolling Stones. Han hadde premiere på BBC Radio 2 den 11. oktober 2012. Songen markerte første gongen Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood hadde vore i studio i lag på sju år, etter albumet A Bigger Bang var ferdig i 2005.[1] Ein video med tekst kom ut på YouTube same dagen.[2]
Songen nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 26. plassen på Billboard Japan Hot 100 og 30. plassen på Billboard Rock Songs-lista i oktober 2012.
Rolling Stone kåra «Doom and Gloom» til den 18. beste songen i 2012.[3]
Songen vart spelt under rulleteksten til filmen A Good Day to Die Hard.
Remove ads
Komposisjon
Opningsriffet på songen vert spelt av Jagger.[4] Richards kommenterte at Jagger var drivkrafta bak songen og at Jagger spelte opningsriffet: «Eg bryr meg ikkje. Han hadde aldri lært seg å spele gitar utan eg viste han korleis han skulle gjere det.»[5]
Musikkvideo
Ein musikkvideo for songen kom ut 20. november 2012 og var regissert av Jonas Åkerlund i Cité du Cinéma i Saint-Denis med Noomi Rapace.
Medverkande
- Mick Jagger – vokal, rytmegitar, perkusjon, produksjon
- Keith Richards – rytmegitar, produksjon
- Ronnie Wood – sologitar, lapsteelgitar
- Charlie Watts – trommer
Andre medverkande
- Darryl Jones – bassgitar
- Chuck Leavell – Hammondorgel
- Jeff Bhasker – Moog og Juno synthesizer, produksjon
- Emile Haynie – trommeprogrammering, produksjon
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads