Douglas C-47 Skytrain

From Wikipedia, the free encyclopedia

Douglas C-47 Skytrain
Remove ads

Douglas C-47 Skytrain eller Dakota (RAF-namn) er eit militært transport fly som vart utvikla frå ruteflyet Douglas DC-3. Det vart mykje nytta av dei allierte under andre verdskrigen og militære operasjonar gjennom 1950-åra.

Kjappe fakta Informasjon, Spesifikasjonar ...
Remove ads
Remove ads

Historie

Under andre verdskrigen vart C-47 og modifiserte Douglas DC-3-arar brukt av dei allierte styrkane til transport av troppar, militært materiell og såra soldatar. Meir enn 10 000 fly vart produsert i Long Beach og Santa Monica i California og Oklahoma City i Oklahoma. C-47 spelte ei viktig rolle i mange av felttoga til USA, i Stillehavskrigen, ikkje minst dei som gjekk føre seg i jungelen i Ny-Guinea og under Burma-krigen der C-47 (og den maritime versjon, R4D) aleine gjorde det mogeleg for allierte troppar å slå den japanske styrken ved transport av mannskap og forsyningar, slepe glidefly og transport av fallskjermsoldatar.

Under invasjonen i Normandie (Operasjon Overlord) vart C-47 og varianten C-53 Skytrooper, brukt av invasjonsstyrkane i store mengder til transport av fallskjermsoldatar og til å slepe glidefly som Airspeed Horsa.

Etter andre verdskrigen vart mange C-47 selde til sivile flyselskap. Ombygd til passasjerversjonen Douglas DC-3 Dakota vart flyet brukt på dei fleste vestlege nystarta ruter etter krigen.

335 skvadronGardermoen hadde lenge ein C-47 som vart brukt til å fly Kong Olav V. Flyet hadde kjenningsbokstavane BW-K, som ble uttalt: Bravo Whiskey King (altså ikkje Kilo som vanlegvis vert nytta).

Remove ads

Modellar

  • C-47 var den opphavlege militære versjonen av DC-3.

Variantar

  • C-47A
  • C-47B
  • C-47D
  • C-48 til C-52
  • C-53


Operatørar

Thumb
A Royal Air Force Memorial Flight Dakota with open parachute door at Duxford, England, in 2008

Tilsvarande fly

C-46 Curtiss C-46 Commando

Sjå òg

  • Douglas AC-47 Dragon Ship

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads