Drifter's Escape

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Drifter's Escape» er ein song skriven av Bob Dylan som han spelte inn i 1967 for albumet John Wesley Harding. Columbia Records gav songen ut på singel i USA og Storbritannia i 1969 som B-sida til «I Threw It All Away».[1] Songen vart spelt inn på fire forsøk den 17. oktober 1967.[2] CBS Records International gav òg ut songen i lag mmed «John Wesley Harding» i somme land.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Bob Dylan-kronologi ...

Dylan spelte ikkje «Drifter's Escape» på konsertane sine i nesten 25 år etter han vart gjeven ut.[2][3] Han spelte songen første gongen i Oregeon den 30. april 1992, dagen etter Rodney King-dommen.[2] Han song songen igjen fire dagar seinare i San Francisco. Sidan den gongen har Dylan stundom framført songen på Never Ending-turneen.[3]

Remove ads

Andre innspelingar

«Drifter's Escape» er òg blitt spelt av mange andre artistar, som Joan Baez og Jimi Hendrix.[3][4] Baez spelte inn songen i 1968 på albumet hennar Any Day Now.[3][4] Hendrix sin versjon vart spelt inn i 1970 og finst på Loose Ends i 1974, Stone Free i 1981 og South Saturn Delta i 1997.[3][4][5] George Thorogood spelte inn songen i 2006 på albumet sitt The Hard Stuff.[3][4] Patti Smith framførte songen på Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty (2012).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads