Due vite
song frå 2023 med Marco Mengoni From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Due vite» (norsk omsetjing: ‘to liv’) er ein italiensk popballade frå 2023 av og med Marco Mengoni. Låten vann den italienske musikkfestivalen Sanremo-festivalen og var det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Remove ads
Om songen
«Due vite» blei skriven av Mengoni saman med låtskrivarane og musikkprodusentane Davide Petrella og Davide Simonetta. Songen handlar om forholdet mellom det medvitne og det umedvitne. «Eg brukar mange timar i veka på tankane mine, og eg har innsett at det umedvitne gjev meg meir realistisk inspirasjon enn kva kvardagslivet gjer. I songen snakkar eg om dette dobbeltlivet, forholdet mellom drøymer og røyndom», fortalde Mengoni i eit intervju med Vanity Fair Italia.[1]
«Due vite» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 8. februar 2023, då han deltok i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. I finalen laurdag 11. februar 2023 vann songen tevlinga. Dette var den tredje deltakinga til Mengoni i Sanremo-festivalen, og hans andre siger – den fyrste var med «L'essenziale» i 2013.
Som vinnar av Sanremo-festivalen fekk Mengoni representere Italia i Eurovision Song Contest Liverpool.[2][3][4] Italia var direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai som eit av «dei fem store» landa. I finalen enda låten på fjerdeplass med 350 poeng.[5]
Remove ads
Listeplasseringar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads