Dyreornamentikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dyrornamentikk eller dyrestil[1] er nemninga på den vanlegaste typen flatedekkande ornamentikk på arkeologisk materiale i jernalderen, hovudsakleg på smykke, men òg på større gjenstandar, jfr. utsmykkinga av Osebergsskipet. Motivet består som oftast av svært forteikna dyr som er så omdanna at det er svært vanskeleg å identifisera dei med nokon dyreart. Dei er kjenneteikna ved at dei er fletta saman med kvarandre og seg sjølv, på same måte som plantemotiva i rosemåling.

Dyreornamentikk er eit vesentleg element innan norrøn kunst, som prega vikingtida og den fyrste tida etter denne.
Denne ornamentikken blei til på germansk område etter innverknad frå romersk kunsthandverk. Frå ca. 400 e.Kr. finst han på skandinavisk område som innpunsla, temmeleg enkelt dekor på sølvblekkspenner, den såkalla sösdalastilen. Seinare på 400-talet opptrer dekoren òg på støypte gjenstandar, i relieff (karveskurd) og med utstrekt bruk av spiralmotiv. Dette er nydamstilen, med namn etter det store våpenofferfunnet i Nydam mose i Slesvig.
I løpet av 400-talet gjekk ein bort frå dei geometriske figurane, og den reine dyrestilen, med nærast utelukkande dyremotiv, kom til på slutten av hundreåret. Dette er Salins stil I, oppkalla etter den svenske arkeologen Carl Bernhard Salin, den fyrste som systematiserte den germanske dyreornamentikken. Stilane hans, kjende som I, II og III, tilsvarar grovt sett den framherskande stilretninga på høvesvis 500-, 600- og 700-talet.[2]
Stilane frå vikingtida blir innleidde med osebergstilen, som har namn etter treskjeringane i Osebergfunnet. Han oppstod på slutten av 700-talet, og var vanleg til slutten av 800-talet. Han blei følgd av borrestilen, som har fått namn etter dekoren på bronsegjenstandane i skipsgrava frå Borre. Denne var i bruk til midten av 900-talet. Gokstadfunnet (900-905) inneheld gjenstandar med borrestil i tillegg til innslag av jellingstil. Denne har nam etter sølvbegeret frå storhaugane ved Jelling i Jylland, og oppstod mot slutten av 800-talet.

Jellingstilen var i bruk til midten av 900-talet, og viser tydeleg likskap med den følgjande hovudstilen, mammenstilen. Denne er oppkalla etter den sølvinnlagde dekoren på våpenøksa i rikmannsgrava frå Mammen utanfor Viborg på Jylland. Den store runesteinen ved Jelling har dekor i mammenstil. Ringeriksstilen har fått namn etter ei gruppe austnorske runesteinar som alle er av raud sandstein frå Ringerike, og er daterte til slutten av 900-talet og fram mot midten av 1000-talet. Den siste varianten av dyreornamentikk er urnesstilen, som er oppkalla etter dekoren på den berømte stavkyrkjeportalen på Urnes kyrkje i Sogn. Han blir datert frå byrjinga av 1000-talet, og kan ha vore i bruk eit stykke inn i tidleg mellomalder, kanskje så seint som etter 1100.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
