Europaveg 16
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer lang, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system.
Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.
Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18.
Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.[1]
- Det går ikkje ferje Belfast-Glasgow. Alternativ ferje er Belfast - Stranraer (Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turar/dag).
- Det går ikkje ferje Edinburgh-Bergen, heller ikkje mellom Newcastle-Bergen
Remove ads
Knutepunkt

Foto: Finlay McWalter

,
og
.
i Aurland Foto: John Erling Blad


- For meir om dette emnet, sjå Europaveg 16 i Noreg.
| trasé | stad | knutepunkt | merknad | ||
| A6 | Londonderry | ||||
| Randalstown | |||||
| M2 | Antrim | ||||
| Newtownabbey | E18 A8 | felles trasé til Belfast | |||
| Belfast | E16 A12 | ingen samband til Glasgow | |||
| trasé | stad | knutepunkt | merknad | ||
| A8 | Greenock | E5 | felles trasé til Glasgow | ||
| Paisley | |||||
| Glasgow | E5 M73 | ||||
| Motherwell-Newhouse | |||||
| Edinburgh | E15 A720 | utan ferjesamband med Bergen | |||
| Trasé | Stad | Knutepunkt | Merknad | ||
| Bergen | |||||
| Nygardstangen i Bergen | E39 | felles trasé til Vågsbotn | |||
| Fløyfjellstunnelen | to løp, 3195 og 3825 m | ||||
| Eidsvåg | |||||
| Åsane | |||||
| Vågsbotn i Åsane | E39 | ||||
| Arnanipatunnelen | 2133 m | ||||
| Stavenestunnelen | 2771 m | ||||
| Bogetunnelen | 2036 m | ||||
| Voss | |||||
| Gudvangatunnelen | 11 428 m | ||||
| Flenjatunnelen | 5 053 m | ||||
| Lærdalstunnelen | 24 509 m | ||||
| Borgundtunnelen | 3 053 m | ||||
| Tuftåstunnelen | 2000 m | ||||
| Filefjell | |||||
| Hønefoss | arm til Sandvika | → E18 | |||
| Oslo lufthamn, Gardermoen | |||||
| Herva i Ullensaker | E6 | felles trase til Køfta | |||
| Kløfta | E6 | ||||
| Riksåsen i Kongsvinger | |||||
| Trasé | Stad | Knutepunkt | Merknad | ||
| Torsby | E45 | ||||
| Malung | E45 | ||||
| Falun | 5069 | ||||
| Gävle | E4 | ||||
Remove ads
Forlenginga
Oppgavleg enda E 16 i Sandvika, men det vart fremja ynske for UNECE i Genève frå norsk og svensk hald om å forlenge vegen til Gävle i Sverige (via Oslo lufthamn, Gardermoen og Kongsvinger), gjennom omklassifisering av eksisterande veger (
,
,
,
. Desse strekninga vart omskilta i 2012 slik at E16 kryssar riksgrensa og endar i Gävle. Det gamle endepunktet i Sandvika er no ei arm på E16.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

