EasyGo
Fellesføretak (joint venture) mellom Noreg, Sverige, Danmark og Austerrike From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
EasyGo er eit fellesføretak (joint venture) mellom Noreg, Sverige, Danmark og Austerrike som gjer det mogeleg å bruke ei og same elektroniske bombrikke i alle land når ein passerer i bompengeanlegg, på ferjer og bruer.[1] Føremålet med EasyGo er at same bombrikke skal kunna nyttast til betaling ved køyring gjennom kva som helst betalingsanlegg gjennom Nord-Europa og Austerrike.[2]

EasyGo er basert på DSRC 5,8 GHz mikrobølgeteknikk og det er store skilnader på operatørane. Anlegga har ulik utforming og det finst inga felles EasyGo-skilting, men det finst enkelte fellestrekk.[3]


Remove ads
Historie
EasyGo var den første kommersielle grenseoverskridande innkrevjingstenesta av bompengar i Europa. Innleiande diskusjonar byrja i 2004, då Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige var ved å byggjast. Transportstyresmaktene i Noreg og Sverige, norske Statens vegvesen og svenske Transportstyrelsen, gjekk saman med Sund & Bælt (operatør av Storebæltbrua) og Øresundsbro Konsortiet (dansk/svensk joint venture, operatør av Øresundbrua) og oppretta EasyGo i 2007.
Austerrikske ASFINAG slutta seg til partnarskapet i 2009.[4]
Alle eksisterande nordiske system tekne i bruk før 2007 (AutoPASS og BroBizz) inngår, og ein treng ikkje endra lovgjevinga i landa. EasyGo landa har fire forskjellige valutaer og variable momsnivå.
Frå 1. januar 2021 er det eit krav på Storebæltbrua at brikkeutferdaren skal vere EETS-godkjent,[5] noko som i realiteten gjer at dei fleste AutoPASS-brikker ikkje lenger kan nyttast, fordi berre SkyttelPASS har EETS-godkjenning.[6][7] Fremtind Service har og søkt om godkjenning.[8]
Remove ads
EasyGo Basic
EasyGo Basic er for køyretøy som berre ferdast innanfor Skandinavia og har ei maksimalt tillaten totalvekt på 3,5 tonn.[9]
EasyGo+
EasyGo+ er ein internasjonal bompengeavtale som lèt førarar av køyretøy over 3,5 tonn betala veiavgift i Austerrike, Danmark, Sverige og Noreg ved hjelp av ei og same bombrikke i alle dei fire landa.[10]
Utferderar
EasyGo leverast frå fleire utferderar. Somme utferderar tilbyr imidlertid bombrikker for berre ei av tenestene. For at ei brikke frå ein utferdar skal vera gyldig i eit bestemt bompengeområde føreset det at utferdaren har ei avtale med bompengeselskapet i området.[11]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads