Eberhart Jensen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eberhart Jensen (22. juli 1922–16. januar 2003) var ein norsk astronom.
Remove ads
Jensen var professor i astronomi ved Universitetet i Oslo frå 1965 til 1992. Dei vitskaplege arbeida hans var innan plasmafysikk og observasjonell og teoretisk solfysikk.
Eberhart Jensen byrja å studere realfag ved Universitetet i Oslo i 1942, men studia vart avbrotne då universitetet vart stengt i 1943, og Eberhart Jensen var blant studentane som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Han vart cand.real. med hovudfag i astronomi i 1949 (rettleiaren hans var Svein Rosseland) og var deretter doktorgradsstudent ved University of Chicago med Subramanyan Chandrasekhar som rettleiar. Han fekk graden Ph.D. der i 1953. Han var universitetslektor ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo frå 1959, dosent frå 1961 og vart utnemnd til professor i astronomi 1965.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eberhart Jensen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads