Edel Therese Høiseth

norsk skeiseløpar og skeisetrenar From Wikipedia, the free encyclopedia

Edel Therese Høiseth
Remove ads

Edel Therese Høiseth (fødd 27. januar 1966) er ein norsk tidlegare skeiserennar og seinare -trenar frå Siljan i Telemark. Ho vart nummer 2 i sprint-VM 1996 i Heerenveen. Sesongane 1996 og 2000 la ho beslag på andreplassen på 1000 meter i verdscupen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Høiseth dominerte dei nasjonale tevlingane på skeiser i tida 1985-2002. Desse år sikra ho seg meistertittelen i 14 noregsmeisterskap i sprint-firkamp og ein gong i full firkamp. I tillegg vann 26 NM-gull på enkeltdistansar: 12 på 500 meter, 11 på 1000 meter, 3 på 1500 meter. Ho vart tildelt 5 kongepokalar. Høiseth sette 40 norske rekordar: 16 på 500 meter, 13 på 1000 meter, ein på 1500 meter, 9 i sprint-firkamp og ein i liten firkamp. Ho var norsk rekordhaldar på 500 meter frå 1984 til 2017.

Høiseth deltok internasjonalt i 19 sesongar. Vinteren 1983 debuterte ho i både europameisterskap og verdsmeisterskap. 13 år seinare sikra ho seg si einaste internasjonale meisterskapsmedalje då ho kom på andreplassen i Verdsmeisterskapen i sprint 1996 i Heerenveen, 0,18 poeng bakom Chris Witty frå USA. Under sprint-VM 2000 i Milwaukee vann ho den fyrste av dei to 500-meterane. Perioden 1984 til 1998 deltok Høiseth i alle fem vinterleikane. Men ein åttandeplass på 500 meter i Vinter-OL 1994Lillehammer vart hennar beste prestasjon i olympiske leikar.

Høiseth var medlem 1975-87 i Idrettsforeningen Herkules, sidan medlem i Geithus Idrettslag.

Personbeste

Meir informasjon Distanse, Tid ...
Remove ads

Trenar

Høiseth har sidan 2014 vore sjefstrenar for det norske kvinnelandslaget på skeiser.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads