Eden Alene

israelsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Eden Alene
Remove ads

Eden Alene (fødd 7. mai 2000) er ein israelsk songar. Ho skulle ha representert Israel i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, med songen «Feker Libi», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] I staden vedtok kringkastaren Kan at Alene skulle få representere Israel i tevlinga i 2021. Ho deltok med songen «Set Me Free» og enda på 17. plass i finalen.[3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Alene vart fødd i det jødiske nabolaget Katamon i Jerusalem av jødiske etiopisk-fødde foreldre som innvandra til Israel under den jødiske masseinnvandringa frå Etiopia.[4] Foreldra skilde seg då ho var to år, og ho har ikkje hatt kontakt med faren sidan.[5]

I slutten av 2017 deltok Alene i The X Factor Israel, som ho vann 30. januar 2018.[6]

I april 2018 opptredde ho under feiringa av 70-årsjubileet for etableringa av Staten Israel.[7] I desember same år slapp ho debutsingelen «Better».[8]

I februar 2019, føre Eurovision Song Contest i Israel, slapp Alene ein coverversjon av «Save Your Kisses for Me» av gruppa Brotherhood of Man, som vann Eurovision Song Contest 1976.[9] Månaden etter gav ho ut oppfølgjarsingelen «When It Comes to You» som var produsert av den amerikanske musikkprodusenten Julian Bunetta.[10] Same år deltok ho i ei israelsk oppsetning av Little Shop of Horrors.

I slutten av 2019 var Alene ei av deltakarane i det israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa («den neste stjerna»), og ho vann tevlinga 4. februar 2020. Som vinnar fekk ho representere Israel i Eurovision Song Contest 2020 som skulle ha vore arrangert i Rotterdam i Nederland.[1] Under ei eiga sending på Kan 11 tysdag 3. mars same år, vedtok israelske tv-sjåarar og ein fagjury at Alene skulle representere Israel med låten «Feker Libi».[11] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[12] Alene skulle ha delteke i den fyrste semfinalen av Eurovision Song Contest tysdag 12. mai.

22. mars 2020 offentleggjorde det israelske offentlege kringkastingsselskap at Alene i staden skulle representere Israel i Eurovision Song Contest 2021.[13] Alene deltok med låten «Set Me Free» og kvalifiserte seg til finalen frå den fyrste semifinalen tysdag 18. mai.[14] Til slutt enda ho som nummer 17 av 26 i finalen.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads