Edit

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Edit
Remove ads

Edit og Edith er kvinnenamn av gammalengelsk opphav. Edit har norsk og svensk namnedag den 31. oktober.

Thumb
Dronning Edith av Wessex.

Edita, Edyth og Edyta er andre former av namnet.

Opphav

Engelsk Edith stammar frå det gammalengelske Eadgyth. Dette namnet svarer til norrøne Audgunn, der første stavinga av ordet, auðr, tyder 'rikdom, lukke' og den andre, gunnr eller guðr, tyder 'kamp'.

Bruk

Namnet var brukt i det gammalengelske samfunnet, og fortsette å vera i bruk under normannarstyret. Etter 1400-talet blei det mindre vanleg, men Edith kom så i utbreidd bruk igjen i den engelskspråklege verda på 1800-talet. Edith var mykje brukt rundt 1880-talet i USA, og blei deretter gradvis mindre brukt.[1]

Historisk utvikling av populariteten til namnet Edith i Noreg.[2][3]

Edith var eit populært namn for norske jentebarn rundt 1920-talet.

I Frankrike var namnet mest brukt rundt 1950-talet.[4]

Thumb
Signert bilde av den australske politikaren og kvinnepioneren Edith Cowan.
Remove ads

Namneberarar

  • Heilage Edith av Wilton (f. 961), også kjend som Eadgyth og Ediva.
  • Edith av Wessex (cirka 1020–1075), også kjend som Eadgythe, engelsk dronning
  • Edith av Skottland (1080-1118), engelsk dronning
  • Edith Södergran (1822-1923), finlandssvensk diktar
  • Edith Corbet (1846-1920), britisk målar
  • Edith Nesbit (1858-1924), britisk forfattar
  • Edith Cowan (1861–1932), australsk politikar, første kvinna til å bli vald inn i det australske parlamentet
  • Edith Wharton (1862–1937), amerikansk forfattar og formgjevar
  • Edith Louisa Cavell (1865–1915), britisk sjukepleiar og krigshelt
  • Édith Piaf (1915-1963), fransk songar, døypt Édith Giovanna Gassion
  • Edith Carlmar (1911-2003), norsk skodespelar og filmregissør døypt Edith Mary Johanne Mathiesen
  • Edith Pargeter (1913-1995), engelsk forfattar
  • Edith Ranum (1922-2002), norsk skodespelar og forfattar
  • Edith Roger (f. 1922), norsk teaterinstruktør
  • Edith Aas (1927-1976), norsk bilethoggar
  • Edith Thallaug (f. 1929), norsk songar og skodespelar
  • Édith Cresson (f. 1934), fransk politikar og statsminister, fødd Edith Campion

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads