Eivind Henriksen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eivind Henriksen
Remove ads

Eivind Prestegård Henriksen (fødd 14. september 1990) er ein norsk sleggjekastar frå Oslo. Han vann sølvmedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i 2021. Året etter sikra han seg bronsemedaljen i sleggjekastinga både ved verdsmeisterskapen og i europameisterskapen. Henriksen er medlem i IK Tjalve og norsk rekordhaldar i sleggjekasting med 81,58 meter. Tidlegare har han også kasta diskos.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Henriksen har fleire medaljar i sleggje og diskos frå NM i friidrett 2007-2011. Han deltok i sleggjekast under EM i friidrett 2012 i Helsingfors og fekk også delta under Sommar-OL 2012 i London.[1] I London-OL kasta han 74,62 meter og enda på ein 13. plass.[2]

Under EM i friidrett 2018 i Berlin vart han nummer fem, og forbetra norgesrekorden til 76,86 meter. Seinare same året flytte han rekorden til 78,25 meter.[3]

Henriksen kom på sjetteplass i VM i friidrett 2019 i Doha med eit lengste kast på 77,38 meter.[4]

Han deltok i sleggje under Sommar-OL 2020 i Tokyo. Der tok han ein overraskande sølvmedalje. Han oppnådde 81,58 meter, og vart med det første norske sleggjekastar over 80 meter.[5]

Merittar

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads