El Loco
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
El Loco er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top, gjeve ut i 1981. Tittelen tyder «Den galne» på spansk. Gitaristen og songaren i bandet, Billy Gibbons, har sagt at innspelinga av dette albumet var første gongen dei tre medlemmane i bandet var isolerte frå kvarandre i studio, i staden for at dei spelte inn musikken samstundes i same rommet. Det synte òg framover mot den meir synthesizer-baserte retninga seinare i tiåret, og dei eksperimenterte noko med synthesizer på enkelte spor.
Remove ads
Bakgrunn
El Loco vart produsert av Bill Ham og spelt inn og opphavleg miksa av Terry Manning. I motsetnad til fleire av dei tidlegare albuma til ZZ Top, vart ikkje dette albumet miksa på nytt då det kom ut på CD i 1987. Den originale miksen har derfor alltid vore tilgjengeleg.
Innhald
Alle spor skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard
Remove ads
Medverkande
- Billy Gibbons – gitar, vokal
- Dusty Hill – bassgitar, korvokal, solovokal på «Party on the Patio», andre solovokal på «Don't Tease Me»
- Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon
- Produsent – Bill Ham
- Lydteknikar – Terry Manning
- Før-produksjon - Linden Hudson
- Mastering – Bob Ludwig
- Design – Bob Alford
- Fotografi – Bob Alford
Salslister
Album – Billboard (USA)
Singles – Billboard (USA)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads