The Electric Light Orchestra av Electric Light Orchestra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Electric Light Orchestra er debutalbumet til det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i desember 1971. I USA vart albumet gjeve ut tidleg i 1972 som No Answer. Dette namnet kom til då sekretæren til United Artists Records ringde til ELO for å spørje om kva namnet på albumet skulle vere.[1] Sekretæren fekk ikkje svar og skreiv på ein lapp «no answer» (ingen svar) og dette vart mistolka som namnet på albumet.

Meir informasjon Electric Light Orchestra-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspelinga

Albumet vart spelt inn av ein kjerne på tre med Roy Wood, Jeff Lynne og Bev Bevan, som var dei attverande medlemmane i rockegruppa The Move. The Move gav samstundes ut singlar i Storbritannia, medan dette prosjektet var i gang, men interessa for det tidlegare bandet til Wood forsvann raskt. Samanlikna med seinare ELO-plater er stilen på dette albumet unikt. Det er nytta mange blåseinstrument og gitarane er ofte erstatta av tunge, «sagande» celloriff, som gjev albumet ei eksperimentell «Baroque-and-roll»-kjensle. «The Battle of Marston Moor» er det mest barokk-influerte sporet på albumet. På dette sporet spelar Roy Wood i røynda alle instrumenta, inkludert perkusjon, fordi den faste trommeslagaren i gruppa, Bev Bevan, syns stykket var så dårleg at han nekta å spele på det.

Remove ads

Utgjeving

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

«Queen of the Hours», som vart ei B-side til «Roll Over Beethoven» frå det andre albumet til ELO, var den første ELO-songen som vart publisert, då han vart gjeven ut av Harvest Records i november 1971 på ei samling kalla The Harvest Bag med forskjellige andre artistar på Harvest.[4]

Det opphavlege plateomslaget vart designa av Hipgnosis og fotografia av bandet på baksida av omslaget, kledd i 1600-talskostyme, vart teken i Banqueting House i Whitehall, og var med på å legge vekt på den barokke stilen på plata. «Mr. Radio» var meint å vere den andre singelen frå albumet, men vart trekt attende. Den redigerte singelversjonen kom ut i 2005 på samlealbumet Harvest Showdown.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

The Electric Light Orchestra (First Light Series)

Meir informasjon Electric Light Orchestra-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

The Electric Light Orchestra (First Light Series) er ei dobbelplateutgåve gjeve ut i høve 30-årsjubileumet til plata.

Det kom ut i 2001 i Storbritannia. Disk ein inneheld den originale plata i tillegg til bonusspor og ein interaktiv CD-ROM. Disk to inneheld dei eldste konsertopptaka med ELO i lag med Roy Wood og cellisten Andy Craig.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
Remove ads

Lister

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads