Zoom av Electric Light Orchestra
album av Electric Light Orchestra From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zoom er det 12. studioalbumet av det britiske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut 12. juni 2001 på Epic Records. Det var det første offisielle ELO-albumet sidan Balance of Power i 1986.
Remove ads
Innspeling
Albumet vart hovudsakleg spelt inn som eit soloalbum av Jeff Lynne, slik Armchair Theatre var, men med somme gjestemusikarar, som dei tidlegare Beatles-musikarane George Harrison og Ringo Starr. Det var den siste innspelinga til Harrison før han døydde. Det einaste andre ELO-medlemmet som var med på albumet var Richard Tandy, som er med på ein song og spelte på somme konsertar etter albumet kom ut. Det var det første albumet med ELO-namnet der Bev Bevan ikkje var med.
Albumet har ei meir organisk kjensle med færre elektroniske effektar og igjen med strykeinstrument som ein del av akkompagnementet.
Remove ads
Utgjeving
Albumet var den første utgjevinga med ny musikk av bandet sidan Balance of Power i 1986. Sjølv om det vart marknadsført som ein tilbakekomst av den klassiske ELO-stilen, selde albumet dårleg og ein planlagt turné i Nord-Amerika vart kansellert. Då albumet kom ut nådde det 34. plassen på UK Album Chart,[4] og 94. plassen på Billboard 200 i USA. Albumet nådde òg 14. plassen på Billboard Top Internet Album, 51. plassen i Austerrike,[5] og 16. plassen i Tyskland.[6] «Alright» nådde 87. plassen på singellista i Nederland.[7]
Ein nymastra versjon vart gjeven ut på Frontiers den 19. april 2013 i Storbritannia og 23. april i USA. Det inneheldt to bonusspor.[8] «Long Black Road» vart i lag med «10538 Overture» nytta i filmen American Hustle i 2013.[9]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Jeff Lynne
Medverkande
- Jeff Lynne – vokal, korvokal, elektrisk gitarar, bass, klaverinstrument, cello, trommer.
Gjestemusikarar
- Richard Tandy – klaverinstrument («Alright») (originalt medlem)
- George Harrison – Slidegitar («A Long Time Gone» og «All She Wanted»)
- Ringo Starr – trommer («Moment in Paradise» og «Easy Money»)
- Marc Mann – rytmegitar («Moment in Paradise»), strykearrangement («In My Own Time» and «Melting in the Sun»)
- Suzie Katayama – cello («Just for Love», «Stranger on a Quiet Street» og «All She Wanted»)
- Roger Lebow – cello («Lonesome Lullaby»)
- Dave Boruff – saksofon («A Long Time Gone»)
- Laura Lynne – korvokal («All She Wanted»)
- Rosie Vela – korvokal («Alright», «All She Wanted»), Spoken Parts and Tap dancing («In My Own Time»)
- Kris Wilkinson – strykearrangement («Ordinary Dream»)
Turnébesetning
- Jeff Lynne – vokal, gitarar
- Richard Tandy – klaverinstrument, vocoder
- Rosie Vela – korvokal
- Marc Mann – gitarar, klaverinstrument, korvokal
- Matt Bissonette – bassgitar, korvokal
- Gregg Bissonette – trommer, korvokal
- Peggy Baldwin – cello
- Sarah O'Brien – cello
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads