Eli Silseth

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eli Silseth
Remove ads

Eli Margrethe Silseth (6. januar 19279. januar 1991) var ein norsk biletkunstnar. Ho var mest kjend for virket sitt som målar, men gjorde seg i dei seinare åra sine også merka som teiknar og grafikar.[1] Fleire av verka hennar er kjøpte inn av Nasjonalmuseet.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Utdanning

Eli Silseth hadde ei brei og lang utdanning. I 1944 var ho elev på målarskulen til Harald Krohg Stabell i Trondheim, der ho gjekk saman med blant andre Oskar Bodøgaard og Eilif Helland.[3] Deretter studerte ho ved Kunstskolen i Trondheim i perioden 1945–1947. På Kunstskolen i Trondheim hadde ho blant andre Roar Wold, Tone Thiis Schjetne[4] og Skule Waksvik som kullkameratar.[5]

Frå 1947 til 1951 studerte Silseth ved Kunstakademiet i Oslo[6] under Per Krohg og Jean Heiberg. Ho vidareutdanna seg i Paris ved målarskulen til Fernand Léger i 1951. Frå 1959 til 1960 studerte ho ved den prestisjefulle École des Beaux-Arts i Paris. Til slutt praktiserte ho som hospitant ved Kunstakademiet i København under Niels Lergaard.[1]

Remove ads

Liv og virke

Eli Silseth var dotter av Lilly Øyen og Trygve Silseth.[1] Ho vaks opp i Trondheim. Etter studia i Oslo, drog ho til Paris for å vidareutdanne seg. Ho mottok fleire stipend og legat, som gjorde studiereiser mogleg for ho, blant anna til Hellas i 1968 og til Roma i 1970. Ho drog også til Danmark, Tyskland, Nederland og England. Frå 1982 til 1986 var ho busett i Oslo.[1]

I 1954 var Silseth med i ei kunstnargruppe som kalla seg «Salamanderne», då dei hadde ei trevekers fellesutstilling i Trondheim.[7] Dei øvrige kunstnarane i gruppa var Thorstein Rittun, Håkon Bleken, Kjerstin Øvrelid, Leif Egil Reitan, Dag Frogner, Runa Førde, Skule Waksvik og Roar Wold.[5]

Silseth debuterte på Haustutstillinga i 1956, men fekk det verkelege gjennombrotet sitt som målar med ei separatutstilling i Galleri Per i Oslo i 1959. Ho var styremedlem i Unge Kunstneres Samfunn i perioden 1959–1960 og jurymedlem i 1961.[1] Ho var medlem i Landsforeningen Norske Malere og sat i Riksgalleriet sin innkjøpskomité for måleri i perioden 1965–1970 og i Norsk kulturråd i perioden 1969–1973. Ho var medlem i Den Faste Jury i perioden 1973–74 og i Nasjonalgalleriets innkjøpskomité for moderne kunst i 1979–1981.[1] Silseth vann fyrstepremien i konkurransen Grafikk i skolen i 1962 og fyrstepremien i Landslaget Kunst i Skolen sin konkurranse i samband med Rikard Nordraak-jubileet i 1966.[1]

Silseth blei oppdaga av den norske kritikarstanden da ho heldt si fyrste separate måleriutstilling i Galleri Per i 1959.[8] Målaren og kunstmeldaren Johan Fredrik Michelet uttala i samband med denne utstillinga: «[d]et er rent ut sagt i den store europeiske stiltradisjon, og det er ikke ofte man ser maken hos unge kunstnere i dag.» Kunstnarkollegaen Ole Mæhle skreiv: «Med glede kan en konstatere at med Eli Silseth har vi fått en malerinne vi må regne med. Hva god skolering har å si, nota bene når en selv har talent, viser seg på denne utstillingen. Hun fornekter ingenlunde sine lærere, men er allerede på mange måter meget selvstendig.»[8] Ifølgje Øistein Parmann var Silseth ein modig kunstnar, som difor blei ein kunstner som skapte «verdifulle og spennende kunstverk».[8]

Remove ads

Kunstnerisk praksis

Som kunstnar braut Silseth stilistisk med den strenge realismen, men arbeidde aldri i den abstrakte uttrykksforma.[1] Ho henta fleire gongar motiv frå fotball- og ishockeykampar og frå hesteveddeløp. Måleria hennar bær preg av spontanitet og liv, og viktige stikkord for kunsten hennar er vitalitet og rørsle.[1] Eit anna motiv ho målte, er menneskets dybde i psyken. Med inspirasjon frå Franz Kafka sin roman Prosessen skapte ho tre monumentale verk.[1] I eit intervju med Aftenposten i 1985 understreka ho at ho først og fremst var opptatt av å gjenskape det ho såg, og at det ikkje nødvendigvis låg ein djupare filosofi i bileta.[9] Men ho sa sjølv at «[r]ealistiske som fotografier kan bildene likevel aldri bli, for naturinntrykket forvandles jo gjennom et blikk og et sinn».[9]

Silseth måla også ofte landskapsmåleri, som blei karakteriserte som betonte og lyriske landskap i fine kolorittar.[10] Måleria er ofte i store format, og gjerne frå hennar eige hage på Ekely, eller frå strendene på Bygdøy. I byrjinga av det kunstneriske virket sitt måla ho også motiv frå Bornholm og Skagen.[1] I landskapsbileta sine var ho opptatt av dei skiftande fargane og stemningane til dei ulike årstidene. Silseth måla ute heile året, ofte med kvervlande penselstrøk.[1] Kvart år drog ho til Kreta, der ho måla fleire akvareller som skildra segner frå gresk mytologi, men gjerne med moderne preg.[11]

Silseth hadde ein forkjærleik for dyr, og i tillegg til studium av hestar på veddeløpsbanen lagde ho fleire dyreteikningar med individuelt uttrykk, karakter og personlegdom. Ho teikna mange aper, men også hundar, kattar, løver og fuglar. Dyra er ofte sette i samanheng med menneske og menneskesituasjonar.[12] Då ho i januar 1972 på nytt hadde separatutstilling i Galleri Per i Oslo, omfatta utstillinga nesten seksti verk, fordelte på teikningar, akvarellar og miniatyrskulpturar; dei fleste arbeida var dyrestudium.[13] Både Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet kjøpte inn verk frå denne utstillinga.[13]

Remove ads

Sentrale verk

«Odd Grüner Hegge» (1971)

Eit måleri som uttrykker den karakteristiske vitaliteten og rørsla til Silseth, er portrettet hennar av dirigent Odd Grüner Hegge. Han står i ei meir statisk stilling enn mange av dei andre verka hennar, men syner likevel det unike uttrykket til Silseth knytt til spontanitet og liv. Kunstmeldaren Ragna Thiis Helland meinte Silseth hadde måla dirigenten slik at kroppen framstod som av kjøt og blod, mens hendene var meir gjennomsiktige og likesælt måla. I den store, mektige skikkelsen i fiolett-svart kjole og det kvite mot det raude og brun-fiolette, står han klar til start av orkesteret.[14]

«Odyssevs mellom Skylla og Karybdis» (1972–1975)

På Ålesund maritime skole heng Silseth sitt Odyssevs mellom Skylla og Karybdis. Ho førebudde seg ved å lage skisser og forstudiar til den ferdige, svære komposisjonen.[15] Verket framstiller forskjellige scener som «Sukkende rodde vi inn i det trange ukjente farvann» og «Samtlige svenner falt over bord»; titlane er henta frå Odysseen av Homer, nærmare bestemt frå omsetjinga til filologen Peter Østbye.[16] Scenene er dramatiske og syner nakne menn i kamp med dei elementære kreftene til naturen, på ei livsfarleg segling i eit opprørt hav. Symbolikken er mennesket sitt kamp mot naturkreftane, eller maktene, som dei eldre førestilte seg dei. Uttrykksforma i dei ulike scenene er naturalistiske i teikninga, medan fargen er meir mot det ekspressive.[15]

Frimerke (1970)

I 1970 lanserte det norske postverket to nye frimerke med motiv laga av Silseth. Det eine frimerket førestiller handballspelarar i aksjon på blå bakgrunn; og det andre førestiller turnarar og har raud bakgrunn. Begge frimerka har påskrifta «100 ÅR FYSISK FOSTRING» og valøren på frimerka – høvesvise 50 øre og 70 øre.[17] Frimerka blei gjevne ut i samband med 100-årsjubileet for Statens gymnastikkskole, som då var blitt ein del av Norges idrettshøgskole.[18]

Remove ads

Utsmykkingar

Silseth har utført fleire utsmykkingar i Noreg. I 1950 og 1956 gjorde ho dekorative arbeid til Furuset skole i Oslo. Ho var også ein av kunstnarane som blei engasjert til å utsmykke Fylkeshuset i Steinkjer (1962) og Ålesund maritime skole (1975)[10]; i Ålesund maritime skole heng hennar monumentalmåleri av motivet Odyssevs mellom Skylla og Karybdis.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads