Elvis Sings Flaming Star
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Singer Presents Elvis Synging Flaming Star and Others er det 33. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Records i stereo, PRS 279, i oktober 1968. Albumet var tilgjengeleg i fem månader i eit få utvalde butikkjeder med produkt frå Singer symaskinselskap som eit marknadsføringstriks i samband med det komande fjernsynsprogrammet som gjekk på NBC den jula. Singer var sponsor for programmet.[2] Det vart gjeve ut på ny for normalt sal som Elvis Sings Flaming Star i mars 1969, og vart det første billigalbumet til Elvis Presley på RCA Camden.[3] 1969-utgåva nådde 96. plassen på Billboard 200-lista.[4] Det selde til gullplate i USA 15. juli 1999, og platina den 6. januar 2004.[5]
Remove ads
Innhald
Alle songane på albumet var henta frå innspelinga for filmar Presley hadde spelt i, med unntak av «Tiger Man» frå julespesialen til Presley.[6] Innspelinga av Chuck Berry sin «Too Much Monkey Business» var ein oppvarming til innspelinga av filmsongar til Stay Away, Joe.[7] Utanom «Flaming Star», som var tittelsongen til Presley-filmen med same namn som hadde kome ut på Elvis by Request i februar 1961, var ingen av songane gjevne ut tidlegare.
«Texas»-medleyen og «All I Needed Was the Rain» var høvesvis med i filmane Viva Las Vegas (1964) og Stay Away, Joe (1967), medan «Wonderful World» vart nytta i opninga av Live a Little, Love a Little (1968). «Flaming Star» var berre ein av to songar som vart spelt inn i filmen. Konsertversjonen av «Tiger Man» vart opphavleg ikkje nytta i NBC-programmet, men erstatta «Blue Christmas» for reprisen av sendinga sommaren 1969. Dette var det første konsertopptaket til Elvis som vart gjeve ut kommersielt. Dei andre songane på albumet vart ikkje nytta i filmane dei vart spelte inn for.
Sidan albumet oppnådde ein viss suksess då det kom ut på ny i 1969, valde RCA å fortsettje å gje billigversjonar av Presley-musikk på etiketten Camden fram til 1972. Desse platene var gjerne kortare enn vanleg, med unytta filmmusikkinnspelingar og andre rekkefølgje på songane enn originalalbuma. Dette albumet vart gjeve ut på ny i 1975 på Pickwick Records, og igjen på CD av Sony Music Entertainment i 2006.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Lister
Album
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads