Speedway av Elvis Presley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Speedway er det 32. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut i mai 1968 av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3989. Albumet inneheld musikk frå filmen Speedway frå 1968, der Presley sjølv spelte. Innspelinga fann stad i MGM Studios i Hollywood, den 20. og 21. juni 1967. Albumet nådde 82. plassen på Billboard 200.[2]
Remove ads
Innhald
I juni 1967, medan Presley arbeidde med filmmusikk, gav The Beatles ut Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og endra musikkindustrien. The Velvet Underground & Nico skulle få stadig meir innverknadsrik over tid og Surrealistic Pillow av Jefferson Airplane, debutalbumet til The Doors og I Never Loved A Man the Way I Love You av Aretha Franklin var alle bestseljarar.[3] Monterey Pop Festival hadde nettopp funne stad lenger nord i California frå der Presley arbeidde. Han var klar over somme av endringane som skjedde i popmusikken kring seg, men vart i stadig aukande grad isolert då det var meir filmmusikk som måtte spelast inn.[4]:228
Det vart spelt inn åtte songar under innspelinga der «Suppose», som var den einaste songen som hadde interesse for Presley, ikkje vart nytta i filmen.[4]:229-230 To songar vart gjevne ut på ein singel, «Your Time Hasn't Come Yet Baby» med «Let Yourself Go» på B-sida, og begge sider nådde dei lågare delane av Billboard Hot 100 (høvesvis 72. og 71. plass), men selde dårleg.[4]:244 «There Ain't Nothing Like A Song» som vart avvist frå filmmusikken til Spinout, var ein av to songar med vokal av Nancy Sinatra, her i ein duett med Presley.[4]:228 All vokalen hennar, og songen hennar «Your Groovy Self,» den einaste gongen ein song utan Elvis vart gjeven ut på eit av albuma hans, vart spelte inn i ei anna innspeling den 26. juni der Lee Hazlewood var produsent.[5] Tre songar som var til overs frå tidlegare innspelingar, inkludert ei frå innspelinga i mai 1963, vart henta fram til å fylle opp albumet med songar.
Speedway tok over rekorden for lågast listeplassering og salstal for Presley, mindre enn 100 000 selde eksemplar, og den framtidige platekarrieren hans stod i fare.[4]:262 Det kom noko bra ut av det, sidan plateselskapet fann ut at ein ikkje kunne halde fram med denne filmmusikkformelen som ikkje lenger fungerte. Dette var den siste dramafilmen med Presley som fekk eit fullt filmmusikkalbum. Dei siste fem filmane hans dette tiåret — Stay Away, Joe, Live A Little, Love A Little, Charro!, The Trouble with Girls og Change of Habit — konsentrere seg om skodespelaren Presley, og ikkje songaren, og hadde få songar av Presley med.[4]:239, 243, 260, 261, 279 Det var òg det siste Presley-albumet som vart gjeven ut i både stereo og mono, sidan mono var på veg ut av industrien. Den sjeldne mono-utgåva Speedway (LPM-3989) er i dag etterspurt blant samlarar.[6] Tre songar frå albumet finst på Command Performances: The Essential 60s Masters II (1995): dei to sidene frå singelen og tittelsporet.[7]
Remove ads
Medverkande
|
26. juni-innspelinga:
|
Remove ads
Innhald
Lister
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads