Elvis by Request
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elvis By Request er ein EP av Elvis Presley med songar frå filmen Flaming Star, gjeven ut i 1960.
Innspelinga fann stad 8. august og 7. oktober 1960 i Radio Recorders i Hollywood. Først vart det skrive fire songar for filmen, men «Britches» og «Summer Kisses Winter Tears» vart droppa.[1] Filmmusikken i filmen bestod berre av to songar, «Flaming Star» og «A Cane and a High Starched Collar.» Ein tidleg versjon av «Flaming Star», som nytta arbeidstittelen til filmen, «Black Star,» vart spelt inn av Presley og seinare gjeven ut i 1990-åra. Den langt mørkare teksten i «Black Star»-versjonen meinte somme kommentatorar at David Bowie refererte til i sin «Blackstar».[2]
To månader etter filmen hadde premiere, gav RCA ut EP-plata Elvis By Request – Flaming Star, som nådde 14. plassen på Billboard Hot 100.[3] Han inneheld tittelsporet og ein av dei avviste songane, «Summer Kisses, Winter Tears», i lag med to av Presley sine listetoppar i 1960, «Are You Lonesome Tonight?» og «It's Now or Never». «Summer Kisses» kom seinare ut på samlealbumet Elvis for Everyone fem år seinare, og «A Cane And A High Starched Collar» kom ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 2. «Britches» vart først gjeven ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 3 i 1979.
Songen «Flaming Star» vart tittelsopret på Elvis Sings Flaming Star, som var tilgjengeleg i butikkar som selde Singer-symaskinar som eit marknadsføringstriks.
Remove ads
- Elvis Presley – vokal
- The Jordanaires – korvokal
- Howard Roberts – elektrisk gitarar
- Tiny Timbrell – akustisk gitarar
- Jimmie Haskell – trekkspel
- Dudley Brooks – piano
- Myer Rubin – kontrabass
- Bernie Mattinson – trommer
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads