Emil Zátopek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emil Zátopek (fødd 19. september 1922 i Kopřivnice, død 22. november 2000 i Praha) var ein tsjekkisk friidrettsutøvar (langdistanseløpar) som representerte Tsjekkoslovakia. I 1954 vart han den første som sprang 10 000 meter under 29 minutt.
Zátopek vann 10 000 meter under OL 1948 i London, og fekk sølv på 5000 meter.
Dei neste åra sette han fleire verdsrekordar på distansar frå 5000 meter opp til 30 km. Den største sesongen hadde Zátopek i 1952, då han vann tre gull i Helsingfors-OL, på 5000 meter, 10 000 meter og i maraton.
Etter 1968 engasjerte han seg i demokratiseringsrørsla, men vart deretter straffa og måtte arbeide i ei urangruve.
Han var gift med Dana Zátopková, òg ein kjend tsjekkisk sportsutøvar, deltakar ved OL 1948.
Remove ads
OL-medaljar
- 1948
Storbritannia London -
Gull i friidrett, 10 000 meter
- 1952
Finland Helsingfors -
Gull i friidrett, 5 000 meter
- 1952
Finland Helsingfors -
Gull i friidrett, 10 000 meter
- 1952
Finland Helsingfors -
Gull i friidrett, maraton
- 1948
Storbritannia London -
Sølv i friidrett, 5 000 meter
EM-medaljar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Emil Zátopek» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads