Filmen Harry Potter og Halvblodsprinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harry Potter og Halvblodsprinsen er ein fantasy-film frå 2009 regissert av David Yates og distribuert av Warner Bros Pictures. Han var den sjette av åtte filmar i serien, som bygde på bokserien om Harry Potter av J. K. Rowling. Filmen er skriven av Steve Kloves og produsert av David Heyman og David Barron. Han hadde premiere 17. juli 2009.
Remove ads
Filmen handlar om Harry Potter sitt sjette år på Galtvort, der han blir besett av ei mystisk skulebok, forelsker seg, og prøvar å få tak i eit minne som kan hjelpe til med å stoppe Fyrst Voldemort. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter, saman med Rupert Grint og Emma Watson som Harry sine bestevener, Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Det er oppfølgjaren til Harry Potter og Føniksordenen og blir etterfylgt av Harry Potter og Dødstalismanene - del 1.
Halvblodsprinsen fekk særs gode tilbakemeldingar og blei umiddelbart ein kommersiell suksess.
Remove ads
Skodespelarar
Remove ads
Forskjellar frå boka
Filmen la til og endra ein del hendingar frå boka. Boka byrjar med ein scene med gompestatsministeren. Yates og crewet diskuterte denne scenen, i tillegg til karakteren Rufus Scrimgeour, men starta heller filmen med hendingar som berre var omtalte, men ikkje skildra direkte i boka. Yates trudde det ville gje publikum ei betre kjensle for kva Dødseterane gjorde dersom dei viste samanbrotet av Millennium Bridge i staden for å omtala det. Dumlingane blei droppa frå filmen, nett som i Ildbegeret. Dette gjorde Steve Kloves for å «bryte mønsteret». Mykje av Tom Venster si bakgrunnshistorie vart fjerna. Kampscena på Galtvort som skjedde i slutten av boka blei òg kutta vekk; Heyman kommenterte at dei gjorde det for «å unngå repetisjon» med den kommande filmatiseringa av Slaget ved Galtvort i Dødstalismanene. Humlesnurr si gravferd blei ikkje med fordi ein meinte ho ikkje passa inn med resten av filmen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads