Emotional Rescue
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emotional Rescue er eit album av The Rolling Stones frå 1980. Då det kom ut toppa det salslistene i både USA og Storbritannia.
Remove ads
Historie
Albumet vart spelt inn gjennom 1979, først i Nassau på Bahamas, så i Paris, og til slutt nokre ekstra lydspor i New York City. Emotional Rescue var det første Rolling Stones-album etter Keith Richards vart frikjend frå narkotikamisbruk i Toronto som kunne ha sett han i fengsel i fleire år. Med ny giv etter det suksessrike Some Girls skreiv Richards og Mick Jagger fleire nye songar - nokre av dei kom ut på Tattoo You og berre ti vart valde ut til Emotional Rescue.
På fleire av songane spelte berre kjernen i bandet, Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood og Bill Wyman, medan keyboardistane Nicky Hopkins og bandgrunnleggaren Ian Stewart, saksofonisten Bobby Keys og munnspelaren Sugar Blue medverka på andre songar.
Omslaget var teikna av Peter Corriston og viser eit utval av bandfoto som vart tekne med eit varmesøkjande kamera.
Albumet kom ut i juni med den disco-aktige tittelsporet som førstesingel. Albumet vart ein stor salssuksess og gjekk til topps på begge sider av Atlanteren, i heimlandet Storbritannia var det den første førsteplassen deira sidan Goats Head Soup i 1972 og han låg sju veker på toppen av den amerikanske lista. I Noreg nådde albumet fjerdeplass. Singelen gjekk til tredjeplassen i USA. Den andre singelen var «She's So Cold», som nådde Topp 30 i USA, medan «Dance Pt. 1» nådde 9. plass på danselista til Billboard.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 10), elektrisk gitar (2, 4, 6, 8, 9), korvokal (1, 2, 6), elektrisk piano (8), perkusjon (1)
- Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 5), korvokal (1, 2, 6, 10), akustisk gitar (5), bassgitar (10), piano (10), solovokal (10)
- Bill Wyman – bassgitar (3-5, 7, 9), synthesizer (5, 8)
- Charlie Watts – trommer (alle spor)
- Ronnie Wood – elektrisk gitar (1-4, 6, 7, 9, 10), bassgitar (1, 2, 6, 8), pedalsteel (4, 5, 9), korvokal (6, 10), saksofon (1)
Andre medverkande
- Ian Stewart – elektrisk og akustisk piano, perkusjon
- Nicky Hopkins – klaverinstrument
- Sugar Blue – munnspel
- Bobby Keys – saksofon
- Michael Shrieve – perkusjon
- Max Romeo – korvokal på «Dance (Pt. 1)»
- Jack Nitzsche – blåsararrangement på «Indian Girl»
Teknisk
- Chris Kimsey – medprodusent og lydteknikar
- Snake Reynolds – assisterande lydteknikar
- Sean Fullan – assisterande lydteknikar
- Ted Jensen – mastering
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads