Empires and Dance

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Empires and Dance er det tredje studioalbumet til det skotske new wave-bandet Simple Minds, gjeve ut den 12. september 1980 på plateselskapet Arista.[3]

Meir informasjon Simple Minds-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspeling og utgjeving

Empires and Dance vart spelt inn i Wales med Rolling Stones mobile.[3] Songane var inspirerte av opplevingane bandet hadde på turné i Europa.[4]

Sjølv om albumet gjorde det betre enn føregangaren (Real to Real Cacophony), nådde berre Empires and Dance 41. plassen på UK Albums Chart.[5] I følgje AllMusic kom dette hovudsakleg av at plateselskapet Arista berre gav ut få parti om gongen, før kvart parti vart utseld. Dette gjorde at albumet var nokså vanskeleg å få tak i.[2]

Opningssporet «I Travel» kom ut på singel i 1980, men gjekk ikkje inn på singellista. «Celebrate» var den andre singelen og var populær blant fansen, men kom først ut etter at Simple Minds hadde forlate selskapet. Dermed selde singelen dårleg. Biletdisk-utgåva på 7-tommar er ein av dei største samlarobjekta til bandet.

Etter dette albumet kom ut, flytta Simple Minds til Virgin Records, der dei fekk langt større suksess. Arista prøvde å utnytte suksessen deira med å gje ut singelen «I Travel» på nytt i 1982, i lag med samlealbumet Celebration. I 1983 gav Virgin ut «I Travel» på 12" samstundes med at selskapet fekk heile katalogen til bandet på Arista. Ingen av desse utgåvene gjekk inn på lista heller.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Empires and Dance har blitt særs godt motteke i musikkpressa.

NME-skribenten Paul Morley kalla det «ei rar, uroleg plate». I ei positiv melding la han vekt på opningssporet «I Travel» som ein av «dei beste disco-rock-songane» og «den fantastiske» «This Fear of Gods» som «noko av det mest imponerande dei har laga til no». Morley konkluderte: «Simple Minds har gått sine eigne vegar, melodramatisk og likevel modernistisk. Ein autentisk, ny musikk. Eg dansar så raskt eg kan.» [6] AllMusic skildra albumet som ein «post-punk/dance-klassikar».[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

All tekst skriven av Jim Kerr; all musikk komponert av Simple Minds

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Technical

  • John Leckie – produsent, lydteknikar
  • Simon Heyworth – mastering
  • Hugh Jones – lydteknikar
  • Coward – fotografi
  • Ruetz – fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads