Real to Real Cacophony
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Real to Real Cacophony (stundom feilaktig kalla Reel to Real Cacophony) er det andre studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds. Det kom ut i november 1979 på selskapa Zoom og Arista.
Remove ads
Innspeling
Real to Real Cacophony vart spelt inn og miksa i løpet av fem veker i Rockfield Studios. I følgje produsenten John Leckie hadde bandet berre fire songar («Premonition», «Factory», «Calling Your Name» og «Changeling») før innspelinga og resten av albumet vart skriven medan dei var i studio.[3]
Utgjeving
Real to Real Cacophony gjekk ikkje inn på albumlista, og det gjorde ikkje den einaste singelen frå albumet heller, «Changeling».
Nyutgjevinga på Virgin Records i 2002/2003 kalla feilaktig albumet Reel to Real Cacophony, og opningssporet «Reel to Real». Den feilaktige stavinga stod òg trykt i diskografien på innsida av dei ommastra utgåvene av Simple Minds-platene som kom desse åra. Seinare utgåver har kome ut med korrekt tittel på album og tittelspor.
Remove ads
Mottaking
Real to Real Cacophony har generelt fått god kritikk i musikkpressa. Sounds-skribenten John Gill skreiv: «Real To Real Cacophony syner stor - og modig - progresjon. Det fangar nokre av sjokkeffektane av avantgarde, noko av den kjenslemessige krafta til band som The Pop Group, men held likevel det beste av Minds stramt og treffande. Arkiver under imponerande.»[8]
Seinare roste AllMusic albumet og skildra det som «der Simple Minds våga seg ut over evna til å etterlikne inspirasjonskjeldene sin og byrje å manipulere dei i staden, nådelaust skubbe dei rundt og forme dei til morosame objekt som eit barn former ein klump modelleire til noko». Dei kalla det «ein bragd som er på nivå med andre post-punk-milepålar frå 1979 som Metal Box, 154, Entertainment! og Unknown Pleasures».[1] Bob Stanley skreiv i Record Collector: «Real To Real Cacophony burde hyllast som ein eineståande sterk overgang mellom post-punk og synth-pop, men skuggen av 'Belfast Child' tårnar over rykte deira.»[9]
Innhald
All tekst skriven av Jim Kerr; all musikk komponert av Simple Minds (Kerr, Charlie Burchill, Derek Forbes, Brian McGee, Mick MacNeil)
Remove ads
Medverkande
Simple Minds
- Jim Kerr – vokal
- Charles Burchill – gitar, fiolin, saksofon
- Derek Forbes – bassgitar
- Brian McGee – trommer, perkusjon
- Michael MacNeil – klaverinstrument
Technical
- John Leckie – arrangement, innspeling, miksing
- Graphyk – grafikk
- Sheila Rock – fotografi
- Trevor Rodgers – fotografi
- Paul Henry – innpakning
- Mariella Sometimes – lydbandoperatør
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads