Enstatitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Enstatitt er eit rombisk pyroksenmineral som består av magnesiumsilikat, Mg2Si2O6, ofte med ein del jarn (jfr. bronzitt og hypersthen). Mineralet er fargelaust, gulaktig, grønleg eller brunleg og finst i mange ulike bergartar (mafiske og ultramafiske magmatiske bergartar, ein del høgmetamorfe bergartar og meteorittar).
Remove ads
Særleg store krystall er kjent frå apatittgangar i Bamble og i olivinsteinsførekomstar på Sunnmøre og i Nordfjord. Namnet kjem av at mineralet står i mot varme.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads