Pyroksen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pyroksen
Remove ads

Pyroksen er eit kjemisk ueinsarta mineral. Dei to vanlegaste pyroksentypane er diopsid og enstatitt. Pyroksen kan skiljast frå liknande mineral på den særeigne måten mineralet spaltar på. Mineralet har kjemisk svakare bindingar i to retningar. Steinprøvane har derfor alltid spalteplan som står om lag 90 grader (vinkelrett) på kvarandre.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Pyroksen er stabilt i ei rekke geologiske miljø (stabilt med variert trykk og temperatur). Det finst til vanleg i magmatiske og metamorfe bergartar danna ved høg temperatur. Havbotnsbergartane gabbro (djupbergart) og basalt (dagbergart) inneheld typisk ein del pyroksen. Pyroksen er etter feltspat truleg det vanlegaste mineralet i jordskorpa.

Pyroksen har til no ikkje vore brukt til mange praktiske føremål, men kan vere ein mogeleg slaggdannar i jarnindustrien grunna evna til å takle høge temperaturar. Olivin og dolomitt vert som oftast brukt til dette føremålet.

Remove ads

Viktige mineral

Klinopyroksen (monokline)

  • Klinoenstatitt Mg2Si2O6
  • Klinoferrosilitt Fe2Si2O6
  • Pigeonitt (Mg,Fe,Ca)2Si2O6
  • Augitt (Ca,Mg,Fe,Al)2(Si, Al)2O6
  • Omfacitt (Ca,Na)(Mg,Fe,Al)(Si, Al)2O6

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads