Eponymous
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eponymous er det fyrste samlealbumet til R.E.M., og det vart utgjeve i 1988. Det var den siste autoriserte utgjevinga deira hjå I.R.S. Records, som dei hadde hatt kontrakt med sidan 1982, etter at dei akkurat hadde signert med Warner Bros. Records. Tittelen er eit ordspel over vanen ein i platebransjen har med å vise til eit sjølvtitulert album (t.d. Pretenders) som eit «eponymt album».
- Sjå òg EP-en Eponymous av The Alarm.
Eponymous er kjent for å ha med fleire sjeldne og alternative versjonar av kjende spor. Det strekkjer seg frå EP-en Chronic Town til gjennombrotsalbumet frå året før, Document, og gjev såleis eit greitt overblikk over det tidlege arbeidet til R.E.M.
Albumet har den alternative tittelen «File Under Grain», som viser til omslagsbiletet. Eit tidlegare album, Document, hadde påskrifta «File Under Fire», og Reckoning hadde med orda «File Under Water». På innsida av albumet er det eit bilete av vokalist Michael Stipe med teksten «They Airbrushed My Face» (‘Dei retusjerte ansiktet mitt’) framfor auga.
Det vart sleppt i oktober 1988, berre ein månad før debuten hjå Warner Bros., Green, og nådde 44. i USA og 69. plass i Storbritannia.
Remove ads
Innhald
Alle songane er skrivne av Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe. På LP- og kassettutgjevingane gav R.E.M. side éin (spor 1–6) namnet «Early side» og side to (spor 7–12) «Late side».
- Side éin – «Early»
- «Radio Free Europe» (den opphavlege Hib-Tone-singelen) – 3:47
- «Gardening at Night» (anna vokalmiks)1 – 3:30
- «Talk About the Passion» (frå Murmur, 1983) – 3:20
- «So. Central Rain (I’m Sorry)» (frå Reckoning, 1984) – 3:15
- «(Don’t Go Back To) Rockville» (frå Reckoning, 1984) – 4:32
- «Cant Get There from Here» (frå Fables of the Reconstruction, 1985) – 3:39
- Side to – «Late»
- «Driver 8» (frå Fables of the Reconstruction, 1985) – 3:23
- «Romance»2 – 3:25
- «Fall on Me» (from Lifes Rich Pageant, 1986) – 2:50
- «The One I Love» (frå Document, 1987) – 3:16
- «Finest Worksong» (miks med trommer og horn)3 – 3:50
- «It’s the End of the World as We Know It (And I Feel Fine)» (frå Document, 1987) – 4:05
- Notar
1 Alternativ miks i høve til versjonen på Chronic Town.
2 Frå filmmusikkplata til Made in Heaven frå 1987.
3 Nymiksa i høve til versjonen på Document.
Remove ads
Kjelder
- «Eponymous (album)» på Wikipedia på engelsk, innhenta 28. februar 2010.
- Eponymous i databasen MusicBrainz.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads