Eric Clapton av Eric Clapton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eric Clapton er debutalbumet til den britiske rockemusikaren Eric Clapton som soloartist. Det kom ut i august 1970 på Atco og Polydor Records.
Remove ads
Bakgrunn
Etter å ha spelt i suksessrike band som The Yardbirds, John Mayall & the Bluesbreakers, Cream og Blind Faith, spelte Clapton inn eit album under sitt eige namn seint i 1969 og tidleg i 1970.
Innspeling
Clapton spelte inn somme spor i november 1969 i Olympic Studios i London og spelte inn fleire songar i 1970, som vart delt inn i to innspelingsbolkar: ein i januar 1970 i Village Recorders Studio i Los Angeles og ei anna i mars same året i Island Studios i London. Mange av musikarane som spelte med Clapton på albumet hadde arbeidd med bandet Delaney & Bonnie, som tidlegare hadde vore oppvarming på Blind Faith-konsertar. Musikarane var kjernen i Derek & the Dominoes, mellom andre Bobby Whitlock. Ein kan høyre Whitlock på «Let it Rain».
Songen «Let it Rain» var opphavleg spelt inn med ein annan tekst som «She Rides». Det vart gjort tre miksar av albumet, ein av Delaney Bramlett, ein av Tom Dowd og ein av Clapton sjølv. Dowd-miksen vart nytta for det endelege albumet. Bramlett sin miks finst på luksusutgåva som kom på CD i 2006.[4]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Delaney Bramlett, Bonnie Bramlett og Eric Clapton, bortsett frå der andre er nemnde
2006-utgåva
Remove ads
Medverkande
|
|
|
- Produksjon
- Produsert og arrangert av Delaney Bramlett
- Lydteknikar – Bill Halverson
- Design og fotografi – Barry Feinstein og Tom Wilkes for Camoflauge Productions.
- Utstyr – Bill Reed, Clark
- Turnémanager – Bruce McCaskill
Remove ads
Vekeslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads