On Tour with Eric Clapton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
On Tour with Eric Clapton er det tredje albumet til Delaney & Bonnie Bramlett, og det første albumet deira på Atco/Atlantic. Det kom ut i mars 1970 og på albumet har dei med seg det mest kjende turnebandet dei hadde, med Eric Clapton, Jim Gordon, Carl Radle, Bobby Whitlock, Leon Russell, Dave Mason og George Harrison (under psevdonymet «L'Angelo Misterioso»). Mange av musikarane på albumet spelte seinare med Clapton på solodebuten hans og på Layla and Other Assorted Love Songs, og med Harrison på hans All Things Must Pass.
Det vart gjeve ut på ny i 2010 som ein plateboks med fire plater med dei komplette konsertane i Royal Albert Hall i London og opptak frå Colston Hall i Bristol og Fairfield Halls i Croydon.
Sidan ein ikkje fann gode nok bilete av Delaney and Bonnie for plateomslaget, vart det nytta eit bilete av ein Rolls-Royce Silver Dawn i ein ørken, visstnok teken av manager Barry Feinstein då han arbeidde som fotograf for ein Bob Dylan-turne i 1966. Det er føtene til Dylan ein kan sjå ut av vindauget.[7]
George Harrison spelte slidegitar på den engelske delen av turneen som følgde etter konsertane i Albert Hall, samt fleire konsertar i Skandinavia, så han er ikkje med på den første CDen, berre dei tre andre.
Albumet vart det mest suksessrike for Delaney and Bonnie og nådde 29. plass på den amerikanske albumlista og selde der til gullplate.
Remove ads
Innhald
- Side ein
- Side to
Remove ads
Medverkande
- Bonnie Bramlett — vokal
- Delaney Bramlett — gitar, vokal
- Eric Clapton — sologitar, vokal
- Rita Coolidge — korvokal
- Jim Gordon — trommer, perkusjon
- George Harrison (under pseudonymet L'Angelo Misterioso) – gitar (berre plate to - fire)[8]
- Tex Johnson – perkusjon
- Bobby Keys — saksofon
- Dave Mason — gitar
- Carl Radle — bassgitar
- Jim Price — trombone, trompet
- Bobby Whitlock — orgel, klaverinstrument, vokal
- Teknisk
- Jimmy Miller, Delaney Bramlett — produsent
- Bill Halverson — miksing
- Andy Johns, Glyn Johns, Tex Johnson — lydteknikar
- Jim Price – blåsearrangement
- Barry Feinstein – fotografi
- Tom Wilkes — design, fotografi
Remove ads
Kjelder
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads