Ester Peony
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ester Alexandra Crețu (fødd 21. juli 1993), kjend under artistnamnet Ester Peony, er ein rumensk-kanadisk songar, komponist og låtskrivar. Namnet Peony kjem frå namnet til mora Bujorica; bujor er rumensk for 'peon'. Ester ynskte at artistnamnet hennar skulle ha eit samband med mora, for å ikkje føle seg så langt unna henne.[1][2]
Peony representerte Romania i Eurovision Song Contest 2019 med songen «On a Sunday» etter at ho vann den nasjonale finalen Selecția Națională på TVR 17. februar 2019.[3][4]
Remove ads
Bakgrunn
Peony vart fødd i Câmpulung i Romania. I 2001 flytta ho frå Romania til Montréal i Canada saman med foreldra.
Karriere
I 2014 starta Peony med å leggja ut sine eigne coverversjonar på YouTube-kanalen sin Ester Peony.[5] Videoane vart godt mottekne. Den fyrste videoen hennes var ein coverversjon av «Dernière danse» av Indila, som per april 2019 hadde vorte vist nesten 2 millionar gonger. Videoen som på same tidspunkt hadde flest visingar på YouTube var ein coverversjon av «Ego» av Willy Williams, som var vorten vist 3,9 millionar gonger. Seinare i 2014 gav Peony ut singelen «Cuminte de Cranciun» (norsk 'Farvel til jula'). Dette er ein rumensk hiphop/rap-låt som vert framført av Ester Peony og fem andre rumenske artistar: Vescan, Puya, Mahai, Doddy og Ana Baniciu. I 2015 samarbeidde Ester og Vescan på ny, og samarbeidet førte til utgjevinga av songen «Sub Aripa Ta», som vart ein stor hit i Romania.
I 2019 vann Peony den nasjonale finalen Selecția Națională, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «On a Sunday». Peony deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest i Tel Aviv torsdag 16. mai 2019. Peony vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[6]
Remove ads
Diskografi
EP-ar
Singlar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads