On a Sunday
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«On a Sunday» ('på ein sundag') er ein engelskspråkleg popsong frå 2019 med den rumenske songaren Ester Peony. Songen er skriven av Ioana Victoria Badea og var det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2019, etter at han vann den rumenske songtevlinga Selecția Națională i februar 2019.
Remove ads
Bakgrunn
«On a Sunday» er skriven av Ioana Victoria Badea og vart send inn til den rumenske kringkastaren TVR i samband med songtevlinga Selecția Națională. Tevlinga er det rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2019, og «On a Sunday» var blant dei 24 bidraga som vart valde ut til å delta i tevlinga.[1][2] Songen deltok i andre semifinalen av Selecția Națională 10. februar 2019 og kvalifiserte seg til finalen.[3][4] I finalen veka etter vart «On a Sunday» kåra til vinnar med 65 poeng. 62 av poenga kom frå dei ulike juryane, medan berre 3 poeng kom frå telefonavrøystinga. Gjennom sigeren vart «On a Sunday» vald til det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.
I etterkant av finalen kom det kritikk mot juryordninga og enkelte av jurymedlemmane i den rumenske finalen. Kritikken nådde òg det rumenske parlamentet og gjekk blant anna på at «On a Sunday» berre kom på åttandeplass i telefonavrøystinga, men vann tevlinga likevel.[5][6] Songen vart òg skulda for å vere eit plagiat, men den rumenske kringkastaren tilbakeviste seinare desse påstandane.[7]
Eurovision Song Contest
I januar 2019 vart Romania trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Romania hadde startnummer 6.[8] «On a Sunday» vart nummer 13 i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[9]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads