Eurosona
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurosona er nemninga brukt om dei 20 medlemslanda i Den europeiske unionen (EU) der euro vert brukt som valuta. Desse landa er tilslutta Den økonomiske og monetære unionen (ØMU). Den europeiske sentralbanken (ESB) er ansvarleg for pengepolitikken til eurosona.


Fellesvalutaen vart oppretta elektronisk på verdas finansmarknadar i 1999, men vart ikkje innført som fysisk betalingsmiddel før 1. januar 2002. Europeiske mikrostatar som Monaco, San Marino og Vatikanstaten har innført euro gjennom spesielle avtalar, men er formelt ikkje ein del av euroområdet ettersom dei ikkje er medlemmar av EU. Unilateralt er fellesvalutaen òg kome i bruk i Andorra, Kosovo og Montenegro.
Sidan 1999 har òg Hellas, Slovenia, Kypros, Malta, Slovakia og Estland slutta seg til Den økonomiske og monetære unionen (EMU). Alle medlemslanda av Europaunionen, bortsett frå Storbritannia og Danmark, er bundne til å innføre euro, og dermed er det venta at fleire land vil ta del i valutaunionen ettersom kvart land oppfyller konvergenskriteria for samarbeidet.
Eurosona utgjer i dag ein av verdas største økonomiar, avhengig av kor kursen står mellom den amerikanske dollaren og euroen.
Remove ads
Omfang
Offisielle medlemsland


Euroområdet vart danna då euroen vart skapt 1. januar 1999. Valutaen vart fyrst innført elektronisk og berre i dei 11 av EU sine då 15 medlemsstatar som oppfylte dei såkalla konvergenskriteria.
Hellas, som var ein av dei EU-statane som fyrst ikkje kvalifiserte seg til eurosona, slutta seg til området 1. januar 2001, ettersom landet då oppfylte konvergenskriteria.
Eitt år seinare, 1. januar 2002, vart euroen innført som fysisk valuta; det var no mogleg å handle med eurosetlar og euromyntar. Overgangen innebar at over 300 millionar personar på ein og same tid bytta valuta. Det var no eksempelvis mogleg for ein tyskar å handle i ein fransk forretning utan å måtte veksle valuta.
Sjølv om eurosona allereie i dag omfattar mange EU-medlemsstatar i tillegg til fleire andre land og territorium, så ventar fortsatt mange land på å få slutte seg til valutaunionen. I fylgje Maastricht-traktaten må nemleg alle medlemslanda, bortsett frå Danmark og Storbritannia som begge har unntak frå pålegget, innføre euroen som valuta så snart dei oppfyller konvergenskriteria. Dette gjorde Slovenia, som fyrste land etter dei opphavlege 12 eurolanda, i 2006, og kunne såleis innføre euroen som valuta 1. januar 2007. Kypros og Malta gjekk over til euroen 1. januar 2008. Slovakia innførte euroen 1. januar 2009 etter ei avgjerd fatta av finansministrane i euroområdet den 8. juli 2008.
Europakommisjonens konvergensrapport frå 2008 slo fast at Slovakia oppfylte konvergenskriteria, og 3. juni 2008 gav finansministrane i EU landet klarsignal om å innføre euroen frå 2009. 8. juni 2010 gav finansministrane i EU klarsignal til at Estland kunne innføre euro frå 1. januar 2011.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Eurosonen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2011.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads